Innovasjons- og testlab / MuligheitLAB / HeAL

Det er eit veksande behov og interesse for utvikling av ny teknologi for å betre helsetenesta. Spesielt er det fokus på utvikling av programvare for å oppnå betre effektivitet, auka sikkerhet og betre kvalitet i helsetenesta.

Grafisk brukergrensesnitt

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

Kompetansenettverk

Innovasjon- og testlab skal vere eit tilrettelagt miljø for aktørar med behov for å utvikle app’ar og anna IT-teknologi til helsevesenet. Slike behov gis særskilt merksemd i form av tilgang til eit utviklings- og testmiljø og  kompetansenettverk internt i Helse Bergen og mot eksterne bedrifter og kunnskapsmiljø.

Ein slik lab skal gi hjelp til testing av brukskvalitet, applikasjonsutvikling, datatryggleik, val av dataarkitektur og bruk av arketypar. Gjennom samarbeid med innovasjonslaben til Helse Vest IKT, samt det kompetente kliniske test- og treningsmiljøet til Ferdigheitssenteret vil ein lansere første versjon av laben i desember 2016.

Ønska mål

Å skape ei samarbeidsarena mellom akademia og helsevesen: etablere ein lab for utvikling og testing av helseprogramvare og anna ny teknologi. På sikt etablere ein Helseteknologiverkstad for prototyping og eksperimentering med medisinsk teknologi, f.eks. maskinering, 3Dprinting og sensorikk. Helse Bergen HF ønskjer å bidra til å skape ein verdikjede av testfasilitetar i Bergen .

Relatert informasjon

Partnarar

Helse Bergen HF, Helse Vest IKT og Høgskulen i Bergen etablerer eit samarbeid om helseteknologi og IT, kor fokus er på programvareutvikling for helse.

Finansiering

Helse Bergen HF såkornmidlar.

Kontakt

Seksjonsleiar Pål Ove Vadset, 
Seksjon for helsetjenesteutvikling, Forskings- og utviklingsavdelinga
e-post: pal.ove.vadset@helse-bergen.no 

Telefon 922 45 341 

Rådgivar Synnøve Olset, Seksjon for e-helse, Forskings- og utviklingsavdelinga

e-post: synnove.olset@helse-bergen.no '

Telefon 954 09 463





Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 04.05.2018