Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Internettbasert behandling og pasientopplæring på nett og mobil

Medisinsk avdeling har sidan 2012 gitt pasientar tilbod om «Mage-tarmskule», og hadde ved utgangen av 2016 hatt 500 deltakarar med berre positive resultat. No vert tilbodet utvida, slik at fleire pasienter kan få tilgang til kvalitetssikra informasjon og fastlegar kan nytte materiellet i sin rettleiing av pasientar med mage-tarmlidingar.

En person som holder en tablett

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

Symptomlindring

Det finst ingen kur for funksjonelle mage-tarmlidingar, og behandlingstilbodet er derfor retta mot symptomlindring. Det er eit stort behov for å integrere pasientopplæring i den heilskaplege pasientløypa.

Vil eliminere ventetida

Årleg vert over 500 pasientar vist til Haukeland med mage-tarmlidingar. Ved å opprette ein e-basert «Mage-tarmskule» som fastlegar kan tilby sine pasientar, vil ein sikre riktig forankring, betre kapasitet og betre behandlings- og oppfølgingstilbod til desse pasientane.  «Magetarmskolen» på internett går over en 6-8-ukers periode og er i stor grad basert på pasientens eige engasjement.

Ønska mål

Ein internettbasert «Mage-tarmskule» vil redusere ventetida hjå  spesialisthelsetenesta. Det er berekna at ein kan behandle fem gangar så mange pasientar som i dag ved å ta i bruk den nye .

Fakta om prosjektet

Finansiering

Frikjøp av tilsette frå Helse Bergen.
Samhandlingsmidlar frå Helse Vest.

Kontakt

Prosjektleder Birgitte Berentsen, 
Nasjonal kompetanseteneste for 
Funksjonelle Mage -tarmsykdommer, 
Medisinsk avdeling, 
Haukeland universitetssjukehus. 
e-post: birgitte.berentsen1@helse-bergen.no
Telefon: 915 45 159



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 04.05.2018