Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinikk på tvers

Dagens helseteneste er delt i mange forskjellige spesialiseringsretningar. Barn med samansette behov «vandrar» mellom ulike fagområder og einingar. Lange kronglete pasientforløp utan avklaring av tilstanden, samt manglande samhandling mellom helsetenestenivåa er  uhaldbart for pasient og pårørande.

En treskjæring av en person

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017. Last ned pdf.

Klinikk på tvers

Vil gi barn med samansette helseproblem eit nytt utvida og heliskapleg tilbod med utgreiing og behandling. Barn og pårørande vil saman med fastlege og spesialist utgjere eit komplementært team. Dvs. at alle 3 «partar» skal saman komme fram til ei felles utgreiing – og b ehandlings­/oppfølgingsplan. Tilbodet vil fungere som ein samarbeidsa rena der ein arbeidar tverrfagleg og på tvers av dei ulike nivå i helsetenesta.

Mål

Å få gitt ein tidleg avklaring med diagnose som tek omsyn til alle helseproblema som barnet har, samt gode og meir heilskaplege tiltak, vil fremje barnet sin mestring og betre sjansane for eit godt utfall i eit livsløpsperspektiv.

Relatert informasjon

Finansiering

Innovasjonsmidlar frå Helse Bergen 2017.

Kontakt

Irene Elgen, seksjonsoverlege, 
Klinikk psykisk helsevern barn og unge, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus.
Telefon: 915 50 904 

E-post: irene.bircow.elgen@helse­bergen.no




Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 04.05.2018