Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spire

Spire er ein nettløysning under utvikling, og som ein ser for seg vil kunne erstatte dagens excel-ark og terminhjulet. Spire vil kunne gje Kvinneklinikken enklare og tryggare bruk av formlar, og meir brukarvennlege registreringar og historikk på målingar.

Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon, nettsted

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016.

Prosjektets mål

Å utvikle, implementere og teste ut ein versjon 1.0 av Spire for oppfølging av gravide. Ved å bruke Spire skal helsepersonell på ein intuitiv og enkel måte kunne gjere vekstvurdering av fosteret.

Synergiar

Jordmødrer og legar bruker i dag to pasientjournal system ved konsultasjonar, Dips og Natus. Desse kan ikkje dele eller hente ut a ggregerte visningar. Det er derfor vedteke å arbeide vidare med Spire. Denne nettløysinga skal utviklas for å dekke Kvinneklinikken sitt behov for eit fleksibelt verkty som gjer det mogleg til å dele data med interessentar utanfor føretaket, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fakta om prosjektet

Finansiering

Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

Seksjonsoverlege Synnøve Lian Johnsen, Kvinneklinikken 

E-post: synnove.johnsen@helse-bergen.no 

Telefon 936 91 805

Prosjektleder Synnøve Olset, 
Seksjon for e-helse, Forskings- og utviklingsavdelinga e-post: synnove.olset@helse-bergen.no
Telefon 954 09 463



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 07.05.2018