Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kommersialisering

Haukeland universitetssjukehus arbeider aktivt med innovasjon basert på forsking og klinisk verksemd. Gjennom samarbeid med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS) blir forskingsresultat og innovative idear vidareutvikla med mål om å skape verdi for pasientar, helsetenesta og samfunnet.

Vestlandets Innovasjonsselskap er eigd av Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHH, Havforskingsinstituttet og Siva.

Seksjon for forsking og innovasjon (FOI) er sjukehuset sitt kontaktpunkt mot VIS og koordinerer samarbeidet. Tilsette som utviklar forskingsresultat eller innovasjonar med mogleg kommersielt potensial, skal melde desse inn til FOI for vidare vurdering og oppfølging. 

Har du ein idé eller ei oppfinning, og er usikker på korleis du bør gå vidare? Ta gjerne kontakt med FOI for råd og rettleiing: innovasjon@helse-bergen.no 

Sist oppdatert 14.10.2026