Klagebehandling i Laboratorieklinikken

Avdelingane i Laboratorieklinikken er akkreditert og har krav til alle ledd i verksemda. Laboratorieklinikken legg vekt på å ha eit godt system for klagebehandling.

Kvifor er tilbakemelding viktig?
Tilbakemeldingar frå brukarar er ein viktig del av vårt arbeid med kvalitetsforbetring. Vi ønskjer at terskelen for å melde frå skal vere låg. Alle tilsette i Laboratorieklinikken skal kunne ta imot ein klage, så ta kontakt der det kjennast naturleg.

Korleis melder du frå?

  • Munnleg klage: Vert dokumentert internt i eige skjema for eksterne klager. Utfallet av behandlinga vert rapportert tilbake til deg dersom du ønskjer det.
  • Skriftleg klage:Bruk eDialog via Helse Bergen, eller Tilbakemelding i Analyseoversikten. Vel då «Generell tilbakemelding».Merk: Ikkje send sensitive opplysningar via desse kanalane. Alle tilbakemeldingar vert arkiverte hjå laboratoriet.

 

Klaga vil bli behandla innan kort tid. Tilbakemelding om utfallet av klaga med eventuelle tiltak vil finnast innan 3 veker, føresett at melder har oppgitt kontaktopplysingar.

Sjå Rettar, val og moglegheiter - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)  for meir informasjon om rettar, val, moglegheiter og klagar.  

Behandlingstid
Klager vert behandla så raskt som mogleg. Du vil få tilbakemelding om utfallet og eventuelle tiltak innan tre veker, føresett at du har oppgitt kontaktinformasjon.

Meir informasjon
For meir informasjon om dine rettar, val og moglegheiter, sjå:
Rettar, val og moglegheiter – Helse Bergen HF

Sist oppdatert 07.07.2025