Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prøver frå pasientar utan norske trygderettar

Prøver som blir sende til Laboratorieklinikken skal i hovudsak vere for pasientar med norske trygderettar. For pasientar utan slike rettar må rekvirenten oppgje på rekvisisjonen kven som skal betale for analysen.

Informasjon ved rekvirering av prøver 

Ved førespurnad frå turoperatør eller lege i primærhelsetenesta, må rekvirenten fylle ut rekvisisjonen med følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, kjønn og nasjonalitet på pasienten
  • Ønskte analysar
  • Eventuelt namn på skipet og, om mogleg, namn på legen om bord
  • Kven som skal betale for analysearbeidet
  • Namn på turoperatør, kontaktperson og adresse
  • Korleis svarrapporten skal sendast eller leverast der pasienten oppheld seg

Ved førespurnad frå utanlandsk rekvirent om analysering av prøver frå utanlandske pasientar, må rekvisisjonen innehalde:

  • Namn, fødselsdato, kjønn og nasjonalitet på pasienten
  • Ønskte analysar
  • Prøvetakingsdato og -tidspunkt
  • Kven som skal betale for analysearbeidet
  • Namn på rekvirent, kontaktperson, adresse og organisasjonsnummer
  • Korleis svarrapporten skal sendast eller leverast der pasienten oppheld seg

 

Les meir om pasienten sine rettar her: Hva slags helsehjelp har en pasient som ikke er bosatt i Norge, rett til ådekket? - Helfo - for helseaktører

Sist oppdatert 04.08.2025