Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mannlig pasient håndhilser på lege. Foto

Samhandling

Ei god oppgåve- og ansvarsfordeling og eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelseteneste er avgjerande for at vi skal kunne tilby pasientane våre eit heilskapleg og godt behandlingstilbod.

www.saman.no

Heimeside for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta innanfor lokalsjukehusområdet til Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus. ​På saman.no finn du mellom anna oversikt over samarbeidsstruktur mellom kommunan​e og sjukehusa i området, aktuelle samarbeidsavtalar og informasjon om fagleg samarbeid. 

Lenke til saman.no
En person som sitter ved siden av en person i en stol

For fastlegar og andre tilvisarar

Her finn du samhandlingsnytt, aktuelle snarvegar og kurs for fastlegar og andre tilvisarar.

For fastlegar og andre tilvisarar
to personer i hvit uniform som håndhilser

Seksjon for samhandling skal være ein pådrivar for utvikling av samhandlingsarbeidet på overordna nivå, samt koordinera det interne samhandlingsarbeidet i sjukehuset.

Seksjonen skal i tillegg støtta dei formelle samhandlingsaktivitetane med kommunane. Med bakgrunn i ei aukande kompleksitet og aktivitet i arbeidet er det etablert ei ny intern samhandlingsstruktur ved HUS.  

Kontakt

Seksjon for samhandling
Seksjonsleiar Grete Lill Hjartnes
samhandling@helse-bergen.no

Koordinator for Samarbeidssekretariatet

Rådgivar Anne Kvalheim, telefon 406 12 604  

I Seksjon for samhandling tilhøyrar både samhandlingslegar, koordinerande eining, brukarutval og ungdomsråd. 

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
Les meir om ungdomsrådet
Ungdomsrådet poserer i gruppe

Brukarmedverknad

Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester. Her får du ein oversikten over sentrale aktivitetar hos oss.
Organisering og aktivitetar innan brukermedverknad
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Koordinerande eining

Koordinerande eining har som oppgåve å ha oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbod i spesialisthelsetenesta og i kommunane. 

Koordinerande eining i Helse Bergen
Brukarmedverknad i Helse Bergen
Sist oppdatert 26.06.2025