Marianne Warloe, Eldfrid Nerland Haukenes, Benedicte Djupesland og Thomas Omdal

Fastlegesida

Praksiskonsulentordninga PKO

Praksiskonsulentordninga (PKO) er eit nettverk av allmennlegar som arbeider for å utvikle eit godt samarbeid mellom sjukehusavdelingar og allmennlegar/private spesialistar.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Her legg vi ut nyheiter som er aktuelle for samarbeidet mellom  Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus, Betanien sykehus og legar i primærhelsetenesta. Vi legg ut nyheiter fortløpande på PKO sine sider. ​
 

E-​post til praksiskonsulentane: pko@helse-bergen.no

Viktige arbeidsoppgåver er tilvisingar og epikriser, kliniske retningsliner og pasientforløpsstudiar. I sin funksjon skal PKO medverke til å sikre heilskapen og kvaliteten i pasientforløpet.

​​​​​​Praksiskonsulentane har mellom anna følgjande oppgåver:

  • Bidra til å utvikle godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
  • Utarbeiding av retningslinjer for god tilvisings- og utskrivingspraksis og skriving av gode epikriser
  • Bidra til betre informasjonsflyt mellom primærhelsetenesta og helseføretaket ved å blant anna gi ut PKO-nytt
  • Etablere og rettleie om rutinar for samhandling
  • Leggje til rette for gjensidig hospitering
  • Den Norske Legeforeininga meiner: Praksiskonsulentordninga (PKO) bør bli innført ved alle kliniske sjukehusavdelingar der den egnar seg.
  • Erfaringar tilseier at praksiskonsulentordninga gir betre samhandling både på system- og individnivå. Undersøkingar viser at samarbeid mellom sjukehuslegar og allmennlegar gir betre fagleg kvalitet på tiltak i helsetenesta.
  • Tiltak for betre pasientflyt
  • Bidra til å utvikle godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta.​​​

Praksiskonsulentordninga er nasjonal og praksiskonsulentar er tilsett i alle helseføretak i Noreg. 

Haukeland universitetssjukehus:

Portrett av Benedicte Djupesland

Benedicte Djupesland

Leiar, Praksiskonsulentane

benedicte.djupesland@helse-bergen.no

Betanien sykehus:

Ubesatt

Haraldsplass Diakonale sykehus:

Anne Laue

Solli sykehus:

Toofan Barhag

Voss sjukehus:

 

​Ønsker du som fastlege å hospitere i 1- 3 dager ved Haukeland universitetssjukehus, ta kontakt med PKO Marianne Warloe på marianne.warloe@helse-bergen.no​




 

Nyheiter

Praksiskonsulentane formidler nyheiter frå sjukehusene her på heimesida, på Facebook under, "PKO Bergen og omegn" og i digitale nyhetsbrev sendt ut på mail.

Abboner på nyheitsbrev

Retningslinje for nyheitsbrev

Gjeld for utsending av PKO-nytt frå Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus, Betanien sykehus, og praksiskonsulentane i Helse Bergen.

Retningslinjer for elektronisk nyhetsbrev PKO.pdf

For fastlegar og andre tilvisarar

Samleside med nyheiter, relevante lenker, og arrangement for fastlegar og andre tilvisarar
Samhandling med fastlegar og andre tilvisarar

PKO-nytt - nyheiter for fastlegar og andre tilvisarar

  • En person som ser på illustrasjon av tarm
    1. desember 2023
    Den digitale mage-tarmskolen opnar dørene for pasientar frå heile Helse Vest

    Mage-tarmskolen er første digitale behandlingstilbodet for pasientar med IBS (irritabel tarmsyndrom) i Noreg, og kan vise til gode resultat. No kan legar i primær- og spesialisthelsetenesta i heile Helse Vest tilvise pasientar til denne behandlinga.

  • foto av person i rullestol som holdes i hånden.
    22. november 2023
    Ledige plassar på samhandlingsseminar 12.desember

    Prosjekt Trygge overganger ved inn- og utskrivning av pasientar arrangerar samhandlingsseminar 12.desember frå kl. 09:30 – 15:00 i Bikuben kurs- og konferansesenter.

  • Foto av tykk mage med bukse som ikke går igjen.
    21. november 2023
    Webinar om overvekt 24. november

    Webinar om overvekt i regi av poliklinikk for overvekt, HVL og Energisenteret

Sist oppdatert 29.08.2023