Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tek i bruk Dips medikasjon

Tysdag 21. oktober blir Dips medikasjon skrudd på for første gong i Helse Bergen. Den nye modulen erstattar den gamle forskrivingsmodulen og gjer arbeidet med legemiddel enklare, tryggare og meir effektivt.

Publisert 21.10.2025
En mann som smiler til kameraet
Overlege i Mottaksklinikken, Jan Stavenes

Den nye modulen i Dips Arena gir automatisk tilgang til Pasientens legemiddelliste (PLL) – ei oppdatert oversikt over legemiddelbehandlinga av pasienten. Når ein lege føreskriv ein e-resept, blir PLL automatisk oppdatert. Dermed får helsepersonell ein meir komplett og påliteleg oversikt over legemiddelbruken til pasienten, uavhengig av kvar pasienten får behandling. 

– Dette er eit stort steg framover for både pasienttryggleik og arbeidsflyt. Når vi no tek i bruk Dips medikasjon, får vi ein meir saumlaus og brukarvennleg løysing som samlar informasjon frå fleire kjelder i éi oppdatert liste, seier overlege Jan Stavenes i Mottaksklinikken, som har vore ein av nøkkelpersonane i innføringa. 

Gjer legemiddelhandtering enklare 

Legemiddellista til pasienten (PLL) fungerer etter eit stafettpinneprinsipp. Fastlegen opprettar lista, og sjukehuslegar kan sjå og oppdatere henne gjennom Dips medikasjon eller Kjernejournal. Når ei ny forskriving blir gjord i Dips medikasjon, blir PLL oppdatert automatisk. 

For pasientar utan PLL kan lista i Dips vere ufullstendig, men når PLL finst, skal ho vere komplett og identisk med det som står i epikrisa ved utskriving. 

– Når legane våre bruker Dips medikasjon, får vi betre flyt i pasientforløpet og reduserer risikoen for feil. Dette handlar om tryggleik – både for pasientane og for oss som jobbar i klinikken, seier Stavenes.