Ledige plassar på samhandlingsseminar 12.desember

Prosjekt Trygge overganger ved inn- og utskrivning av pasientar arrangerar samhandlingsseminar 12.desember frå kl. 09:30 – 15:00 i Bikuben kurs- og konferansesenter.

Publisert 22.11.2023
foto av person i rullestol som holdes i hånden.

Foto: colourbox.com/Barb

Både medarbeidarar i sjukehuset og medarbeidarar i kommunane i opptaksområdet vårt er invitert til å delta på felles samhandlingsseminar, der målet er å få auka kunnskap om kvarandres arbeidskvardag, tenestetilbod, utfordringar og moglegheiter.

Målgruppa for seminaret er først og fremst dei som arbeider pasientnært og som samhandlar i inn- og utskriving av pasientar både innanfor somatikk, psykisk helsevern og rusmedisin.

Det er allereie nesten 100 påmeldte, men vi har plass til fleire, og håper så mange som mogleg har tid og lyst til å delta, seier prosjektleiar Merete Eide Hernes.
På programmet står både «Bli kjent med sjukehuset» og «Bli kjent med kommunane» - ein slags speed-date der mange ulike avdelingar og tenester både i sjukehus og kommune gir ein kort presentasjon av seg sjølve og korleis dei jobbar, samt gruppearbeid der ein vil jobbe med konkrete problemstillingar som vi kanskje kan finne løysingar på i lag.

- Det er i overgangane vi er sårbare, og det er her vi får mest tilbakemelding på at vi ikkje får ting heilt til. Seminaret er ei moglegheit til å bli betre kjent og spele kvarandre litt betre i arbeidet vi står i til dagen. Vi oppfordrar flest mogleg til å delta, og trur dette kan bli ein kjekk dag, seier samhandlingssjef i Helse Bergen, Grete Lill Hjartnes.

Deltaking er gratis og påmelding er på Forms via denne lenka eller ved å skanne QR-koden.

Påmeldingsfrist er 27.11.2023.

QR-kode
Bildetekst