Nytt behandlingstilbod ved gastrokirurgisk avdeling
Frå og med 14. juli 2025 tilbyr Gastrokirurgisk avdeling ØH-timar ved Gastrokirurgisk poliklinikk.

Over ein tredel av desse pasientane blir behandla poliklinisk og sendt heim direkte frå Akuttmottaket.
For å styrkje dette tilbodet vil Gastrokirurgisk avdeling frå 14. juli 2025 tilby ØH-timar ved Gastrokirurgisk poliklinikk.
Dersom innleggjande lege meiner at tilstanden kan avklarast poliklinisk, kan ein ringje og melde pasienten til ØH poliklinisk time. Ein helsesekretær vil svare på telefonen og setje opp pasienten til første ledige time – fortrinnsvis same dag.
-
Ring 47 61 88 20
-
Telefonen er bemanna av helsesekretær måndag til fredag kl. 08.00–15.00
Samtidig ønskjer avdelinga at alle pasientar som blir tilvist ØH til Gastrokirurgisk avdeling – både poliklinisk og for innleggelse – blir melde med ein tentativ årsaksdiagnose, ikkje symptomdiagnose.
Dette fordi ein stor del av pasientar med diagnosen «akutt abdomen» har tilstandar som ikkje er gastrokirurgiske, og der sjukehistoria ofte peikar mot ei ikkje-gastrokirurgisk årsak.