Nasjonal satsing for deling av rekvisisjonane til pasienten
Helse Vest, Helse nord, Helse sør-aust, NHN og DIPS har no sett startskotet for nasjonal satsing av pasientrekvisisjonar. - Løysinga vil vere ein viktig føresetnad for å kunne vesentleg auke samhandlinga mellom helsetenestene og pasientane, fortel Bjørn Fagerlund, delområsarkitekt LAB.

Tysdag 11. mars 2025 gav Operativ Styringsgruppe (OSG) tilslutninga si til igangsetjing av Pasientens Rekvisisjoner.
Friare for pasientane – meir effektivt for helseføretaka
Pasientens Rekvisisjoner skal innføre ei løysing for elektronisk deling av rekvisisjonar på tvers av helsetenestene. Pasienten skal stå friarar til å velje prøvetakingsstad, samtidig som løysinga gjer samhandling mellom helsetenestene enklare og meir effektiv.
- Løysinga kan på mange måtar samanliknast med e-resept der pasientane kan gå til kva apotek som helst for å hente ut medisinar på resept. Og det kan gi stor frigjering av tid i helsetenestene, og stor betring av pasienttryggleik samanlikna med dagens praksis, seier Bjørn Fagerlund.
Samarbeid nasjonalt: Produksjon i desember er målet
Løysinga skal realiserast gjennom eit samarbeid mellom Helse Vest, Helse nord, Helse sør-aust, NHN og DIPS. Prosjektet startar med rekvisisjonar som blir delte mellom Spesialisthelsetjenesten (sjukehusa) og Primærhelsetjenesten (fastlegane).
- DIPS Arena AOM og DIPS Interactor, kombinert med ei ny teneste frå NHN som rekvisisjonshotell vil vere sentrale komponentar i løysinga. Det er lagt opp til ei tidslinje med mål om skarp utprøving, altså sat i produksjon, allereie i desember i år, seier Bjørn.
Pasientar blir kopla på via Helsenorge
I dei følgjande fasane av prosjektet vil dei andre helsetenestene og pasientar koplast på løysinga, sistnemnde via Helsenorge.
- Målet med prosjektet er å digitalisere rekvisisjonen og dermed eliminere behov for å distribuere rekvisisjonen på papir eller ved andre variantar som innkallingsbrev. Løysinga vil vere ein viktig føresetnad for å kunne vesentleg auke samhandlinga mellom helsetenestene og pasientane.
Om prosjektet
-I tillegg til deltaking i OSG har vi også deltakarar i det interregionale kjerneteamet. Vidare skal det etablerast eit regionalt prosjekt som skal bidra til spesifisering av løysinga, testing og utrulling regionalt.
Kontaktpersonar:
Gunn Anita Skjulhaug
Leiar/fagleiar
Delområsleiar LAB
Helse Bergen
Bjørn Jarl Fagerlund
Spesialkonsulent IKT
Delområsarkitekt LAB
Helse Vest IKT