Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digitale samhandlingskonsultasjonar ved Seksjon for smertebehandling 

Publisert 04.06.2025
En gruppe mennesker som sitter i et rom og ser på en skjerm
Frå samhandlingskonsultasjon ved Smertesenteret ved St. Olavs hospital

Bakgrunn 

Nasjonalt pasientforløp for langvarige og samansette smertetilstandar vart lanserte 7.april 2025. 

For at smerteklinikkane skal få tid til tilpassing og organisering av tenesta, vil pasientforløpet bli gradvis implementert i smerteklinikkane fram mot 31.12.26. Frå 1.1.2027 skal pasientforløpet vere ferdig implementerte i alle smerteklinikkane. 

I det nye pasientforløpet er samhandling på tvers av helsetenestenivå, etatar og profesjonar "hovudingrediens". Pasienten skal vere ein sentral aktør i ei strukturert samhandling mellom pasient, smerteklinikk, fastlege og anna kommunalt helsepersonell og dessutan NAV der det er aktuelt.   

Smertesenteret ved St. Olavs hospital har utvikla, prøvd ut og evaluert digitale samhandlingskonsultasjonar over 2 år og har så langt fått gode tilbakemeldingar både frå pasientar og fastlegar. 

Seksjon for Smertebehandlings poliklinikk for langvarige smerter ved Haukeland universitetssjukehus har no også starta opp med samhandlingskonsultasjonar.   

Hensikt 

Den overordna intensjonen med samhandlingskonsultasjonen er å betre kommunikasjon mellom fastlege og smerteklinikk, og helseteneste og pasient. 

Pasientar med langvarige smerter opplever ofte at samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta ikkje er tilfredsstillande, og tverrfaglege vurderingar og tiltak blir nytta i for lita grad for denne pasientgruppa.  

Vi ønskjer at pasientane skal opplever ein meir helthetlig og tilpassa helsehjelp med gjennomførbare planar etter avslutta løp i spesialisthelsetenesta.    

Korleis går samhandlingskonsultasjonen føre seg ved Seksjon for smertebehandling ved HUS? 

Dersom du som fastlege har vist ein pasient til Seksjon for smertebehandling kan du bli invitert til ein samhandlingskonsultasjon etter at pasienten har vore til vurderingstimar hos behandlarar ved poliklinikk for langvarige smerter 

Ved samhandlingskonsultasjonen møter  pasienten som regel ved Seksjon for smertebehandling Konrad Birkhaugs hus ved Haukeland Universitetssjukehus og deltek i møtet saman med aktuelle behandlarar frå poliklinikken.  

Fastlege og evt andre relevante aktørar frå primærhelsetenesta deltek digitalt eller per telefon, men kan møte fysisk om det er ønskjeleg. Pasienten kan også delta digitalt eller møte hos fastlegen, til dømes ved lang reiseveg 

Behandlar frå Seksjon for smertebehandling leier møtet.  

Teamet frå Seksjon for smertebehandling samanfattar kort sine ulike vurderingar og gir ei forklaring på smertetilstanden der det er behov for dette.  

I samarbeid blir det  lagtein plan for vidare oppfølging og behandling.  

Innspel frå pasient og fastlege er viktige for at tiltaka skal vere gjennomførbare for pasienten.  

Medikamentelle tiltak blir også diskuterte  med fastlege og pasient.  

Somme gonger er det behov for avklaringar i forhold til behov for andre delar av hjelpeapparatet.  

Praktisk 

Pasienten blir informert om at fastlegen blir invitert til å delta. Dersom pasienten ikkje ønskjer dette må pasienten gi oss beskjed. 

Vi står ansvarleg for innkalling, organisering og gjennomføring av den digitale samhandlingskonsultasjonen. Vi sender invitasjon elektronisk via journalsystemet. 

Videokonsultasjonen går føre seg via Join i NHN og fastlege får videolenkje på dialogmelding. 

Varigheit er 60 min.  

Vegen vidare 

Frå 2026 skal digitale Samhandlingskonsultasjoner inngå i ein nasjonal randomisert og kontrollert studie (PainPath) som tek sikte på å måle effekt av behandlingsforløp med Samhandling på tvers av helsetenestene for pasientar med langvarige smerter.  

Dette inneber at 50% av pasientgruppa vil ta imot tilbod om tverr sektoriell samhandling og 50 % får det tilbodet som eksisterer i dag utan tverr sektoriell samhandling. 

Les meir om pasientforløpet her: Nasjonalt pasientforløp Smertetilstander | smertenettverk 

Spørsmål? 

Dersom du har spørsmål eller innspel høyrer vi svært gjerne frå deg 

antene-post: smerteklinikken@helse-bergen.no eller per telefon 55974011. 

Lokal kontaktperson og koordinator: Hanne Mørch 

hanne.morch@helse-bergen.no  

 

 

Nasjonalt pasientforløp Smertetilstander | smertenettverk