Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tydelegare råd om tilvising av barn til øyre-nase-hals avdelinga ved Haukeland universitetssjukehus

For å bruke våre felles ressursar på rett måte, har vi saman med Samhandlingslegen laga råd til tilvisar som skal hjelpe barn og unge med mistanke om nedsett høyrsel, problem med mandlane eller kul på halsen.​

Publisert 27.05.2025
Sist oppdatert 30.05.2025
Et barn som blir undersøkt av en lege

Tilvising av barn med mistanke om nedsettyrsel 

  • For elles friske barn der det ikkje er auka risiko for høyrsletap, ber vi om at høyrsel først blir vurdert med test av høyrselen på helsestasjon/fastlegekontor.  
  • Om testen visar milde, avvikande funn, anbefaler vi ein kontrolltest.  
  • Barn med auka risiko for høyrselstap eller andre tilleggsvanskar som krev undersøking på sjukehus, kan bli tilvist direkte. Då må risiko og tilleggsvanskar kome tydeleg fram i tilvisinga.  

Alle barn fødde i Noreg inngår i nyfødd-screening av høyrsel. På helsestasjon skal dei vurdere høyrsel i alle konsultasjonar fram til 18 månaders alder, og ved 2- og 4-årskontrollen. I Bergen kommune skal også alle elevar ha tilbod om test av høyrselen i løpet av 1. klasse. 

Kva skal vere med i tilvisinga til spesialisthelsetenesta /avtalespesialist? 

  • Anna oppfølging i spesialisthelsetenesta/ andre tilleggsutfordringar 
  • Familiære, permanente høyrsletap <18 år 
  • Resultat av ev. tidlegare testing av høyrsla 
  • Språkutvikling/generell utvikling 
  • Oppfølging av PPT 
  • Svangerskap/fødsel – spesielle forhold 

Tilvising av barn med tonsilleplagar 

Fjerning av halsmandlar (tonsillar) og falske mandlar/polyppar (adenoid) er ein smertefull operasjon som ikkje er utan risiko. Vi anbefaler ikkje operasjon av barn med milde plagar. 

Kva skal vere med i tilvisinga til spesialisthelsetenesta /avtalespesialist? 

I tilvisinga må det stå tydeleg om nokre av dei følgande operasjonsindikasjonane for fjerning av halsmandlar og falske mandlar/polyppar ligg føre:  

  • Tal episodar med halsinfeksjon pr. år:  
    • 3 eller fleire halsbetennelsar årleg i meir enn tre påfølgande år.
    • 5 eller fleire episodar i to påfølgande år .
    • 7 eller fleire episodar i løpet av eit år  
  • Søvnproblem som snorking, pustestopp og trøyttleik på dagtid 
  • Ernæringsproblem eller spisevanskar  

Tilvising av barn med kul på halsen 

Barn og unge med kul på halsen er ei vanleg problemstilling og reaktive lymfeknutar er  den vanlegaste årsaka. Dersom det ikkje ligg føre sterk mistanke om malignitet eller det er ei akutthjelp problemstilling, blir det ofte tilrådd undersøking med ultralyd før ein eventuell poliklinisk time på øyre-nase-halsavdelinga. Fastlegar kan sjølv tilvisa direkte til Barneradiologisk seksjon på Haukeland universitets-sjukehus.  Dersom det er funn ved ultralyd som krev  vidare oppfølging, kan barnet tilvisast ØNH.   

Råda til tilvisande lege, pasient og pårørande vil stå i breva vi sender ut når vi avslår tilvisingar. Råda er i tråd med Generelle retningslinjer for samarbeid mellom fastlege og spesialisthelsetjenesten og faglege anbefalingar.