Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Student som skal i praksis
I Helse Bergen tilbyr vi praksisplasser til studentar innen ulike fag. Som student i ordinært studieløp ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet eller VID vitenskapelige høgskole får du tildelt praksisplass gjennom studiestaden.
Under er viktig informasjon til deg som skal i praksis. Studentar i praksis frå andre studiestader utanom dei overnemnde, må også gjennomføre punkta nedanfor.
Før praksis
Du må gjennomføre punkta under før du skal i praksis hos oss for at vi skal kunne gi deg nødvendige tilganger mellom anna til IKT system, bygg m.m.
Før den første praksisperioden må du søkje om praksisplass gjennom rekrutteringsportalen vår (Webcruiter).
Du får ei lenke frå utdanningsinstitusjonen din for å søkje om praksisplass. Klikk på lenka og søk innan søknadsfristen. Søkjer du etter søknadsfristen, får du ikkje praksisplass.
Det er viktig at du er nøye når du fyller ut søknaden, og at du registrerer fullt personnummer (11 siffer) og mobilnummer.
Før den første praksisperioden må du gjennomføre obligatoriske e-læringskurs om Brannvern, Informasjonssikkerhet, Smittevern, Meldekultur og Klima & miljø.
E-læringskursa tek du i Læringsportalen.
For å logge inn i Læringsportalen, klikk på lenka under:
Du må signere teieplikterklæring før du skal i praksis. Det er utdanningsinstitusjonen din som organiserer dette for deg.
Brukarnamn til IKT system blir sendt til e-postadressa du brukte då du registrerte deg i rekrutteringsportalen vår, Webcruiter. Passordet blir sendt til deg på SMS same dag som du har den første praksisdagen din.
Studentar som allereie har eit tilsetjingsforhold ved praksisstaden eller som har vore i praksis før, skal bruke det same brukarnamnet og passordet som tidlegare. Passordet er berre gyldig i 90 dagar etter at det sist vart brukt. Treng du nytt passord, ta kontakt med Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 40. Oppgi at du er student.
Meir detaljert brukarrettleiing frå Helse Vest IKT er tilgjengeleg her:
Praksisstaden kan krevje at studentar har teke enkelte vaksinar før praksisstart. Utdanningsinstitusjonen din har oversikt over kva rutinar som gjeld for kvar enkelt praksisstad.
Meir informasjon om vaksine og testing finn du her:
Alle studentar skal ha eit personleg tilgangskort/ID-KORT. Korta blir bestilte av praksisstaden og lånte ut til studenten i praksisperioden. Av omsyn til tryggleiken må kortet leverast tilbake straks praksisperioden er over.
Studentar som skal bruke pasientsystema DIPS (elektronisk pasientjournal) og MEONA (elektronisk kurve) i praksisperioden, får eiga opplæring.
Praksisstaden tilbyr eigne klasseromskurs til dette formålet. Studenten melder seg på gjennom Læringsportalen ved å søke opp det aktuelle opplæringskurset i kurskatalogen.
I praksis
Når du er i praksis hos oss, er du ein del av arbeidsmiljøet vårt på same måte som fast tilsette. Vi forventar at du, på same måte som kollegaene dine, til kvar tid følgjer gjeldande retningslinjer for informasjonstryggleik og pasienttryggleik og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Kva kan du som student vente deg av oss?
Du får tildelt ein rettleiar som har ansvar for å gi deg god fagleg rettleiing og evaluering undervegs i praksisperioden.
Du får tildelt ein eigen kompetansemålplan med konkrete læringsaktivitetar som du kan gjennomføre som ledd i å oppnå dei overordna læringsutbytet.
Gjennom praksisperioden ønskjer vi at du skal få:
Ein lærerik praksisperiode med gode læresituasjonar og aukande grad av utfordringar gjennom praksisperioden
God fagleg utvikling.
Eit godt arbeidsmiljø.
Kva forventningar har vi til deg som er i praksis hos oss?
Møter presist ved vaktstart, held avtalar og følgjer oppsett vaktplan.
Viser respekt for pasientar, pårørande og kollegaer.
Held teieplikta.
Følgjer gjeldande retningslinjene for arbeidsreglement og etikk.
Går med synleg tilgangskort/ID-KORT.
Det er eit pågåande arbeid med å etablere digitale kompetansemålplanar i Kompetanseportalen for studentar som skal gjennomføre praksis.
Studentar i praksis vil få tildelt eiga kompetansemålplan i Kompetanseportalen når den er etablert. Kompetansemålplanen inneheld overordna læringsutbytte med tilhøyrande læringsaktivitetar. Læringsaktivitetane er døme på aktivitetar studentar kan gjennomføre for å kunne oppnå eit overordna læringsutbytte.
Studentar dokumenterer sjølv fullførte læringsaktivitetar i Kompetanseportalen.
Studentar blir, på same måte som alle medarbeidarar, oppmoda om å bruke sykkel eller kollektivtransport til og frå jobb.
Les meir om dei lokale rutinane ved praksisstaden din for informasjon om parkeringskriterium og prisar.
Dersom du ikkje hugsar passordet, eller det har gått meir enn 90 dagar sidan du brukte det sist, må du bestille eit nytt ved å ringje Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 40.
Du må oppgi brukarnamnet ditt, at du er student, og kvar du har praksis. Du får då tilsendt eit nytt passord på SMS.
Alle medarbeidarar, inkludert studentar, skal bere personleg ID-kort med bilete.
Du skal alltid ha kortet på deg, og det skal vere synleg. Du må oppbevare kortet slik at ingen andre får tilgang til det eller kan misbruke det.
Kortet skal ikkje lånast ut til andre. Kortet fungerer òg som nøkkelkort.
Studentar blir, på same måte som alle medarbeidarar, oppmoda om å bruke sykkel eller kollektivtransport til og frå jobb.
Les meir om dei lokale rutinane ved praksisstaden din for informasjon om parkeringskriterium og prisar.
Du må gjere deg kjend med rutinane ved praksisstaden for arbeidstøy og garderobe. Arbeidstøy må du hente ut sjølv.
Les meir her om oppdaterte rutinar.
Etter praksis
Utdanning av helsepersonell er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehusa. God kvalitet i og god tilrettelegging for gjennomføring av praksisperiodar for studentane er heilt avgjerande for å lukkast med dette.
Vi ønskjer heile tida å utvikle oss. Vi ber deg derfor om å bidra i evalueringa av praksisen du nettopp har gjennomført.
Takk for gjennomført praksis. Vi håpar du er fornøgd med din praksisperiode og har opplevd fagleg meistring og eit godt arbeidsmiljø i møtet ditt med spesialisthelsetenesta.
Etter ferdig praksisperiode har du ikkje lenger tilgang til fagsystem og bygg m.m. Dette følgjer til- og frå dato for din praksisperiode.
Vi ønskjer alltid å bli betre og ønskjer tilbakemeldinga di på opplevd praksisgjennomføring.
Vi håpar du har tid til å gje oss ein tilbakemelding på dei evalueringsskjema du får tilsendt.
Takk for no og velkommen igjen!
Du må returnera tilgangskort/ID-KORT straks etter praksisperioden er ferdig for sikkerheitsmessige årsaker.