Leger i spesialisering - LIS
Ortopedisk kirurgi, Voss sjukehus
Utdanning i spesialiteten Ortopedisk kirurgi, Voss sjukehus.
Den generelle utdanningsplanen gjeld for ortopedisk avdeling ved Voss sjukehus, ortopedisk klinikk Helse Bergen.
Målskildringa for spesialiteten er hovudrettleiar for utdanningsplanen.
Dei generelle læringsmåla vert teke i vare gjennom avdelinga sitt undervisningsprogram, i tillegg til kontinuerleg supervisjon ved avdelinga sine aktivitetar på poliklinikken, på sengeposten og på operasjonsavdelinga.
Dei særskilde læringsmåla vert teke i vare ved kontinuerleg rettleiing av kandidatane, sjølvstendig utførte operasjonar under supervisjon av overlege og deltaking i internundervisninga.
Det utdanningsmessige utbyttet ved vår avdeling vert dekka av pasientar innan dei fleste kategoriar for elektiv ortopedi. Ein legg stor vekt på at utdanningskandidatane får ei gradvis tilnærming til dei ulike pasientkategoriane, avhengig av kor langt dei er komne i spesialiseringa, med tett supervisjon både i poliklinikk og på operasjonsstova.
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttfunksjon innan indremedisin, kirurgi, føde, gynekologi og ortopedi. Vi har anestesiologi og intensivmedisinsk beredskap. Sjukehuset har eit nedslagsfelt på omlag 30 000, fordelt på 5 kommunar. Vi er ein del av ortopedisk klinikk, Helse Bergen, saman med ortopedisk avdeling og rehabiliteringsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus og Kysthospitalet Hagevik.
Ortopedisk avdeling disponerer 11 senger, har ca 780 døgnpasientar kor av 2/3 er ø-hjelp og i tillegg 388 dagkirurgiske pasientar ( 2024)
Avdelinga hadde 6970 polikliniske konsultasjonar i 2024, av dei var 2180 ø-hjelp konsultasjonar i skadepoliklinikken.
Avdelinga disponerer 1-2 operasjonsstover pr dag. Det er ei ø-hjelp stove på vakttid som ein deler med gastrokirurgisk og gynekologisk avdeling.
Avdelinga har pt 4 overlegar, 2 konstituerte overlegar og 3 LIS3. Overlegane går 6-delt vakt medan LIS3 går 8-delt vakt med kir/orto fellesvakt.
Samtlege legar disponerer eigen kontorplass med pc.
Legekontor, sengepost, poliklinikkar, operasjonsavdeling og akuttmottak er alle lokalisert i hovudbygninga til sjukehuset.
Kirurgi
Ortopedisk avdeling ved Voss sjukehus driv i all hovudsak elektiv ortopedisk kirurgi på dagtid. Det blir og utført noko akutt kirurgi som er regulert av avtale med Haukeland Universitetssjukehus/Helse Bergen HF.
Akutt kirurgi omfattar følgjande områder:
- Primær akutt kirurgi relatert til brudd og bløtdelsskadar som normalt blir behandla på eit lokalsjukehus – regulert i samarbeidsavtale med HUS.
Brudd i proximale femurende og handledd representerer største volum av ØH inngrep. Utfordringa er å sikre antall av dei aktuelle skadetypane som sikrer den nødvendige kompetanse på dei forskjellige områda.
Ortopedisk avdeling driv elektiv ortopedisk kirurgi innanfor følgjande hovudområder:
- Protesekirurgi. Primære proteser i hofte og kne (total sementert/usementert, hemiproteser) og revisjoner.
- Leddbevarende kirurgi
- Knekirurgi. Omfatter kirurgi relatert til kneleddet (artroskopisk og åpen).
- Skulderkirurgi. Omfatter all kirurgi relatert til skulderleddet (artroskopisk og åpen kirurgi).
- Handkirurgi
- Fotkirurgi
- Behandling av komplikasjoner relatert til egne pasienter. Døme:
- Infeksjoner
- § Postoperative infeksjoner på pasienter som er primærbehandla på Voss
- § I kompliserte tilfeller blir pasienten overført til infeksjonsavdelingen på HUS der dei blir behandla av infeksjonsmedisiner og ortoped med spesialkompetanse innan dette feltet.
- Sårrupturer
- Infeksjoner
Avdelinga utfører ikkje rygg og bekkenkirurgi, og kun begrensa omfang av barneortopedi.
Avdelinga driv innanfor desse funksjonsområda:
- poliklinisk utgreiingar
- polikliniske kontrollar
- operativ behandling (dagbehandling og inneliggjande behandling).
- Skadepoliklinikk
Avdelinga driv studentundervisning i samarbeid med:
- Universitetet i Bergen (UiB). Medisinske studenter i preklinisk del og starten av klinisk del.
- Avdelinga har sjukepleiarstudentar som har praksisundervisning på sjukehuset.
Avdelinga bidrar med legar til teoretisk og praktisk undervisning.
Det er følgjande spesialistar på avdelinga;
- 4 ortopedar
- 2 konstituerte overlegar
- 3 LIS
Drifta er organisert som akuttsjukehus som ein del av Helse- Bergen. Det er 3 vaktskikt i ortopedi;
- LIS1 med fellesvakt ortopedi/kirurgi og medisin.
- LIS2/3 med fellesvakt ortopedi/kirurgi passiv tid nattestid
- Overlege ortopedi.
Vakthavande LIS er del av sjukehusets traumeteam
Det vert lagt opp til at kandidaten kan gjennomføre sine første 4 år av LIS-utdanning ved Voss sjukehus. LIS får då gjennomført opplæring i artroskopisk kirurgi i kne- og skulder, protesekirurgi i hofte og kne, fot- og ankelkirurgi, handkirurgi, traumatologi inkludert behandling av hoftebrudd og chirurgia minor.
Ein vil trenge 18 mnd på HUS for å få oppfyllt krava til LIS 3. Avdelingen har avtale om 1 stilling i Helse Bergen og kandidaten skal deretter være ferdig med sin spesialisering.
Avdelingahar nært samarbeid med følgande avdelingar:
Voss sjukehus
- Kirurgisk avdeling
- Gastroenterologi
- Generell kirurgi
- Anestesiavdeling
- Intensivavdeling med postoperativ observasjon
- Operasjonsavdeling: Totalt 4 operasjonsstuer
- 2 ortopedi
- 2 kirurgi/gynekologi
- Rehabiliteringsavdelinga
- Fysioterapi
- Lærings og mestringssenter
- Avdeling for merkantile tjenester
- Radiologisk avdeling
- Vanlig røntgen
- MR
- CT
- Ultralyd
- Medisinsk avdeling
HUS:
- Ortopedisk avdeling
- Infeksjonsmedisinsk avdeling
Nye LIS gjennomfører program for nytilsette ved Voss sjukehus og får spesifikk opplæring i IKT-systemer ut fra tidlegare kunnskap og behov. LIS får initiellt nær supervisjon og går følgevakter med erfaren kollega. Progresjon mot meir sjølvstendig verksomheit blir avgjort ut i frå individuell vurdering og tidlegare erfaring/kompetanse.
Ved tilsetjing vil alle LIS få tildelt ein veiledar som er spesialist i ortopedi. Denne vil være ansvarleg for den kontinuerlege individuelle veiledninga. Gruppeveiledning vil kunne inngå som en del av spesialistutdanninga og vil ha hovudfokus på innhaldet i dei felles kompetansemåla. Det vert lagt til rette for fortløpande supervisjon og bistand til LIS i konkrete arbeidssituasjonar.
For å sikre at LIS kan arbeide sjølvstendig vil det bli gjennomført regelmessige kompetansevurderingar av LIS i sentrale fagområder. Det er lagt opp til at det blir satt av 1 time kvar månad til individuell veiledning i tillegg til dagleg supervisjon. Førebuing og innhaldet i dei planlagte og regelmessige veiledningssamtalene vil fortløpande bli dokumentert i kompetanseportalen. Fordjupningstid tilsvarande 4 timer pr veke vil bli satt av i GAT
Kandidaten dokumenterer sin progresjon av Læringsaktiviteter i Kompetanseportalen som etter vurdering av veiledar blir sendt til avdelingsleiar for godkjenning. Dermed får både kandidat og leiar oversikt over progresjon for dei enkelte utdanningskandidatane. LIS får jevnleg kompetansevurdering av veiledar. Det blir lagt til rette for gode læringsarenaer og at LIS utdanninga blir integrert med drifta, inkludert avsatt tid til veiledning og fordjupning. Ferdigheitstrening og simulering er etablert og blir videreutvikla som eit komplement til tradisjonell klinisk læring.
Vurdering av om kandidaten har oppnådd læringsmål skjer av veiledar og evalueringskollegium. Evalueringskollegiet består av utdanningsansvarleg overlege, avdelingsoverlege og ortopediske overlegar.
Avdelinga har fast nasjonal fellesundervisning 30 min per veke onsdager kl 7.30-8.00.
Det blir gjennomført fellesundervisning med Helse Bergen tirsdager og torsdager frå kl 08.00-08.30.
Undervisninga består av en kombinasjon av førelesningar samt gjennomgang av forskningsartiklar og NPE-saker.
Det er organisert traumeundervisning på sjukehuset:
- 6 korte traumeøvingar a` ½ t pr år
- 2 halve dagar med traumeøving pr år
- 1 heil dag med traumeøving øving pr år
- Traumeaudit 1 t 4 gonger pr år
Avdelinga legg til rette for at LIS3 skal få delta i obligatoriske kurs og andre faglege møter som er nyttige for at LIS3 skal få utvikle kompetansen.
FKM er på Voss planlagt med interne og eksterne kurs og undervisning for å oppnå læringsmåla. I tillegg samarbeider vi med Helse Bergen om fleire av kompetansemåla for felles kurs / undervisning. LIS skal delta i kvalitetssikring- / forbetring- / pasientsikkerhetsarbeid som blir gjennomført på sjukehuset eller i klinikken, og det vil bli laga ein oversikt over aktuelle oppgåver, samt moglegheit for sjølv å føreslå eigne kvalitetsforbetringsprosjekt.
Utdanningsutvalet er sett saman av avdelingsoverlege Sjur Børsheim og utdanningsansvarleg overlege Trine Ludvigsen.
Det skal oppmuntrast til forskning for alle LIS. For tida er det 1 overlege med phd og 1 overlege med pågåande phd prosjekt via UiB. 1 LIS3 er involvert i forskning.
Ved tilsetjing vil det bli utarbeida ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar.
Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeida av LIS i samarbeid med rettleiar og evt. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.
Det blir gjennomført regelmessige traumeøvingar (sjå pkt under teoretisk undervisning).
Det er YLF representant på Voss som ivaretar arbeidstakernes interesser og som medverker ved tilsetjingar og omstilling i tett kontakt med avdelingsoverlegen.
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med:
Sjur Børsheim
Avdelingsoverlege
Telefon: 97050473
e-post: sjur.borsheim@helse-bergen.no
Eller
Trine Ludvigsen
Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 97050446
e-post: trine.ludvigsen@helse-bergen.no