Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Drøymer du om ein karriere ved eit av dei største sjukehusa i landet?

Haukeland universitetssjukehus inviterer deg til årets store karrieretreff – ei gyllen moglegheit for studentar og nyutdanna innan sjukepleie, vernepleie, bioingeniørfag, ergoterapeut, fysioterapi, helsefag, medisin, ambulansefag, radiografi og embetsstudie i psykologi til å utforske framtida si hos oss.

22.
oktober
2025
  1. 22. okt. 2025, 15:00 - 17:30
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 22. okt. 2025, 15:00 - 17:30
Kvar

Bikuben konferansesenter, Haukeland universitetssjukehus

Jonas Lies vei 69

5021 Bergen

Påmelding
Meld deg på her
Mange mennesker på rad som hopper samtidig

Kva kan du forvente?

Korte foredrag:

  • Kva skjer på jobbintervju?
  • Gledene ved turnusarbeid
  • Kvifor er praktikantstillingar ein kickstart for karrieren din?
  • Forventningar til deg som nytilsett
  • Karrieremoglegheiter innan ulike spesialitetar
  • Nytt frå laboratorieverda

Du vil også få:

  • Karriererettleiing for alle yrkesgrupper
  • Speed-dating med fagfolk frå ulike spesialitetar – still spørsmål direkte til erfarne tilsette og få ærlege svar.
  • Stands frå ulike avdelingar og fagfelt– møt engasjerte fagfolk og avdelingsleiarar frå heile sjukehuset.

Utforsk spennande jobbmoglegheiter og få rettleiing i din karriereveg.  

Kva tilbyr vi?

  • Eksklusive innblikk i arbeidsliv, karriereutvikling, praktikantprogram og rekruttering
  • Praktisk info om turnusordningar og arbeidsmoglegheiter
  • Nettverksbygging med fagpersonar og leiarar som er klare til å svare på spørsmåla dine

Praktisk info

Når: 22.10.2025, kl 15:00-17:30
Kor: Bikuben konferansesenter, Haukeland universitetssjukehus
Servering: Gratis pizza! (meld deg på slik at vi bestiller nok)

Hugs å melde deg på og få tilsendt oppdatert program på e-post!