Tid og stad
- Når
-
- 20. okt. 2026, 15:00 - 17:30
- Kvar
-
Bikuben konferansesenter, Haukeland universitetssykehus
Jonas Liesvei 69
5021 Bergen
- Påmelding
- Meld deg på her

Kva kan du forvente?
Korte foredrag:
- Kva skjer på jobbintervju?
- Gledene ved turnusarbeid
- Kvifor er traineestillingar ein kickstart for karrieren din?
- Forventningar til deg som nytilsett
- Karrieremoglegheiter innan ulike spesialitetar
Du vil også få:
- Karriereveiledning – still spørsmål direkte til erfarne tilsette og få ærlege svar.
- Stands frå ulike avdelingar og fagfelt – møt engasjerte fagfolk og avdelingsleiarar frå heile sjukehuset.
Utforsk spennande jobbmoglegheiter og få rettleiing i din karriereveg.
Kva tilbyr vi?
- Eksklusive innblikk i arbeidsliv, karriereutvikling, praktikantprogram og rekruttering
- Praktisk info om turnusordningar og arbeidsmoglegheiter
- Nettverksbygging med fagpersonar og leiarar som er klare til å svare på spørsmåla dine
- Quiz med premier - og gratis pizza.
Praktisk info
Når: 20.10.2026, kl 15:00-17:30
Kor: Bikuben konferansesenter, Haukeland universitetssjukehus
Servering: Gratis pizza! (meld deg på slik at vi bestiller nok)
Hugs å melde deg på og få tilsendt oppdatert program på e-post!
Program
| Tidspunkt | Tema | Foredragsholder |
| 15:05 – 15:15 | Kvifor skal du bli kirurgisk sjukepleiar? | Kirurgisk klinikk |
| 15:15 – 15:30 | Arbeidskvardag i Psykiatrisk klinikk | Psykiatrisk klinikk |
| 15:30 – 15:45 | Korleis det er å jobbe på Laboratorieklinikken | Laboratorieklinikken |
| 15:45 – 16:00 | Hjartemedisinske pasientar, vanlege forløp/ behandlingar | Hjarteavdelinga |
| 16:00 – 16:15 | Ein smakebit av fysioterapi i sykehuset | Fysioterapiavdelinga |
| 16:15 – 16:30 | Din karriere i Helse Bergen Rekruttering, turnus og utvikling |
Mari Pedersen, rådgivar, Bemanningssenteret |
| 16:30 – 16:45 | Trainee – ein kickstart på karrieren din Alt du treng å vite! |
Mari Pedersen, rådgjevar, Bemanningssenteret |
| Tidspunkt | Tema | Foredragsholder |
| 15:15 – 15:30 | Når sekundane tell – akutte øre/nese/hals-situasjonar på legevakta | LIS 2/3 Hanne Hope |
| 15:30 – 15:45 | Urologi i praksis – frå nyrestein til kreftbehandling | Avdelingssjef Gigja Gudbrandsdottir |
| 15:45 – 16:00 | Kvinnehelse frå fødsel til død – det er kvardagen på Kvinneklinikken | Overlege Marit Sandberg |
| 16:00 – 16:15 | Vegen tilbake – fysikalsk medisin og rehabilitering | Overlege Ingvild Seilen |
| 16:15 – 16:30 | LIS i Helse Bergen - Kva får du om du søker LIS 1 på eit stort universitetssjukehus, som Haukeland? | Overlege Knut Fjeldsgaard og Avdelingssjef/overlege Jonas Fevang |
| 16:30 – 16:45 | LIS i Helse Bergen - Kva får du om du søker LIS 1 på eit mellomstort universitetssjukehus, som Voss? | Seksjonsleiar/overlege Gro Lillegraven, Voss sjukehus |