Pensjon og forsikring

Vi tilbyr gode pensjonsordningar og forsikringar til våre tilsette.

Ansatte sitter rundt et bord med hver sin pc.foto

​Pensjon

Som tilsett i Helse Bergen er du automatisk forsikra i Kommunal Landspensjonskasse (KLP)​ når det gjeld:

  • Alderspensjon og AvtaleFestet Pensjon (AFP), som blir administrert og utbetalt av KLP
  • Uføre-/attføringspensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp, eller når arbeidstakar ikkje lenger kan arbeide til ulagleg tid.
  • Etterlattepensjon, som gjeld for attlevande ektefelle, samt registrert partnar gjennom partnarskapslova (gjeld ikkje sambuar) og Barnepensjon som gjeld attlevande barn under 20 år.
 

Forsikring

Vi tilbyr våre tilsette eigne forsikringar gjennom Helse Vest. Desse forsikringane kjem i tillegg til utbetalingar frå Folketrygda og det du måtte ha av private forsikringar.
 
Helse Bergen har følgande forsikringsordningar for sine tilsette:

  • Yrkesskadeforsikring (etter Lov om yrkesskadeforsikring og yrkesskade- og ulykkesforsikring etter overenskomst med Spekter)
  • Fritidsulykke
  • Gruppelivsforskring etter overenskomst
  • Tjenestereiseforsikring etter overenskomst
Sist oppdatert 07.10.2022