Søk jobb som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar

Vi har mange karrieremoglegheiter for deg som er sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Vi tilbyr heile, faste stillingar til alle vi tilset. 

For å gjere det enklare for deg som skal søkje, samlar vi stillingane i fellesannonsar delt inn slik:

  • ​Avdeling for Rusmedisin
  • Divisjon Psykisk Helsevern
  • Somatiske einingar
  • Voss Sjukehus
Der finn du oversikt over kva einingar som har ledige stillingar. Du oppgir​ i søknaden din kva stilling du søkjer. Du kan oppgi fleire stillingar i prioritert rekkefølg​e.​ Stillingane vert publisert med jamne mellomrom på vår heimeside.

Du vert kalla inn til kun eitt intervju sjølv om du søkjer på fleire stillingar.

​​

Når du vert tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Uansett kortid du startar, får du tildelt ein digital opplæringspakke som skal gje deg innblikk i det viktigaste den første tida. Startar du på sommaren saman med mange andre, får du i tillegg delta på ein felles kursdag. Ved den enkelte eininga vil du også få ei avdelingsspesifikk opplæring.

​Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

​​

    Sist oppdatert 17.11.2022