Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Langtidsstudie av tolebrutinib hos personar med multippel sklerose (MS)

Denne studien skal undersøkje kor trygg og godt tolerert behandling med tolebrutinib er over tid hos personar med multippel sklerose. Forskarane ønskjer òg å undersøkje om behandlinga kan bidra til å redusere sjukdomsutvikling og funksjonstap på lang sikt.

Åpen for rekruttering

Om studien

Multippel sklerose (MS) er ein sjukdom der immunforsvaret skadar hjernen og ryggmergen. Sjukdomen kan føre til mellom anna trøyttleik, redusert styrke, nedsett funksjonsevne og problem med tanke- og sansefunksjonar.

Tolebrutinib er eit legemiddel som blir undersøkt som behandling for fleire former for MS. Denne studien er ei fase 3-forlengingsstudie som skal undersøkje den langsiktige tryggleiken og toleransen ved bruk av tolebrutinib. Studien skal også gi meir kunnskap om korleis behandlinga påverkar utviklinga av sjukdomen over tid.

Alle deltakarane i studien får tolebrutinib. Behandlinga er open, noko som betyr at både deltakar og studiepersonell veit kva behandling som blir gitt.

Vitskapleg tittel

An interventional, Phase 3 extension study to investigate long-term safety and tolerability of tolebrutinib in participants with relapsing multiple sclerosis, primary progressive multiple sclerosis, or nonrelapsing secondary progressive multiple sclerosis

Informasjon om deltaking

Studien er open for rekruttering frå 12.08.2026 fram til 31.05.2029

Kven kan delta?

Studien er berre open for personar som allereie har delteke i bestemte tidlegare kliniske studiar av tolebrutinib for MS, og som har fullført desse studien.

Det er derfor ikkje mogleg å bli tilvist frå fastlege eller spesialisthelsetenesta, og sjølvtilvising er heller ikkje aktuelt.

Deltakere må ha fullført deltaking i hovudstudien EFC16645 Herkules eller EFC16035 Perseus.

Kva inneber studien?

Studien varer i om lag tre år for kvar deltakar, og omfattar rundt ti planlagde studiebesøk. Undervegs får deltakarane behandling med tolebrutinib i tablettform éin gong dagleg. Deltakarane møter til regelmessige kontrollar ved studiesenteret, der det blir gjennomført legeundersøkingar, blod- og urinprøver, måling av vekt og andre helseparameter, EKG og MR-undersøkingar. Dei vil også gjennomføre ulike testar av funksjon, ganglag og kognitive ferdigheiter, samt fylle ut spørjeskjema om helse og livskvalitet. Leverfunksjonen blir følgd særleg tett gjennom heile studien for å overvake tryggleiken ved behandlinga.

Ver merksam

Dette er ein open forlengingsstudie der alle deltakarar får behandling med tolebrutinib.
 
Tolebrutinib er framleis under utprøving, og ikkje alle biverknader er kjende. Forskarane følgjer særleg med på leverfunksjon fordi det i tidlegare studiar har vore sjeldne tilfelle av alvorleg legemiddelutløyst leverskade.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om studien, kan du kontakte studiepersonellet ved sjukehuset eller studiesenteret der du deltek eller har delteke i hovudstudien.

Hvor gjennomføres studien?

  • Helse Bergen
  • Oslo universitetssykehus

Samarbeid med

Studien ledes av legemiddelfirmaet Sanofi.