Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Invest CTO studien:

Planlagt trinnvis prosedyre ved høg kompleks CTO PCI

Formålet med Invest CTO studien er å undersøke om ein planlagt trinnvis prosedyre ved behandling av ein kompleks kronisk tett kransåre (CTO) vil vere forbundet med forbetra pasientsikkerheit, høgare suksessrate og ei betre pasientoppleving under sjølve operasjonen.

Om studien

Hos pasientar med kransåresjukdom finn vi at opptil 20 prosent har ei kronisk tett åre, det vil seie ei åre som har vore tett i over tre månadar (ein kronisk total okklusjon - CTO). 

Om ein har brystsmerter eller er tungpusta ved anstrenging, det vi kaller for angina, er det god grunn for å opne desse årene. Å opne ein CTO er oftast meir teknisk utfordrande enn å opne enn ei åre som er delvis tett, og risikoen for komplikasjonar under operasjonen er også høgare.

Vi ønsker å studere ei ny tilnærming til dei mest komplekse CTOane, der vi planlegger å opne åra over to trinn.

Vi ønsker å finne ut av om dette vil gi færre komplikasjonar, høgare suksessrate og ei betre pasientoppleving. Vi trur også ein slik ny behandlingsstrategi vil kunne medføre at fleire pasientar får behandling.

Multisenterstudie

Dette er ein multisenterstudie der pasientar deltar frå Storbritannia, Noreg og Sverige.

Haukeland universitetssjukehus er nasjonalt og internasjonalt koordinerende sjukehus.

Vitskapleg tittel

Planlagt trinnvis prosedyre ved høg kompleks CTO PCI

Les meir om studien

Prosjektside i Cristin (Current research information system in Norway)

Informasjon om deltaking

Rekrutteringa er avslutta

Kven kan delta?

Har du fått påvist ein CTO (ei tett kransåre), og har symptom, kan din behandlande lege tilvise deg for vurdering av om du oppfyller kriteria for å delta i studien.

Det er behandlande lege som kan tilvise deg for vurdering av om du oppfyller kriteria for å delta i studien. Informasjon til fastlege: Pasienten må kunne bruke dobbel plate hemming i eitt år etter ei slik prosedyre.

Kva inneber studien?

Pasientane som ønsker å delta i studien kjem til ein kort innleiande prosedyre. Etter 2-3 månadar vil ein komme tilbake til ein ny avsluttande prosedyre. Pasientane vil bli undersøkt med ein MR av hjartet i forkant, med oppfølging etter 6 månadar. 

Pasientane vil måtte komme til 2 prosedyrar, elles er resten av undersøkingane i samband med studien det same som standard behandling. Det er viktig å presisere at mange i denne pasientgruppa ofte må komme til to prosedyrar, også utanom studiesamanheng, for å ferdigstille behandlinga.

Vi forventar at fyrste pasient vil få behandling i desember 2021. Inklusjon vil vare i 2 år.

Pasienten blir fulgt opp med telefonsamtalar og spørreskjema i 12 månadar etter andre prosedyre.

Pasientar som deltar i studien får ingen kompensasjon, og reiser i samband med behandling blir dekt som vanleg gjennom pasientreiser.

Fordelar og ulempar

Ved å delta i studien må pasienten komme til eit ekstra sjukehusopphold. Fordelen er tettare oppfølging og ei mogleg betre oppleving av sjølve prosedyrane og med færre komplikasjonar.

Kontaktinformasjon

Anja Øksnes
Epost: anao@helse-bergen.no