Askvoll kommune
Felles faglig plattform i kreftomsorg og lindrande behandling i Askvoll kommune.
Mål for prosjektet var innføring av Palliativ plan for å sikre felles fagleg rutine kring den palliative pasient og pårørandesamarbeid, i tillegg til å auke kompetanse og styrke samhandling.
Avslutta i 2021.
Bergen kommune
Prosjektperiode: 2021-2023
Bergen kommune
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester
Opplæringspakke Lindrende behandling og omsorg – ny mentoropplæring.
Prosjektet har gjort ny digital opplæringspakke for mentorar tilgjengeleg for alle dei 17 kommunane i USHT Vestland sitt nedslagsfelt. Mentorar frå nye kommunar er rekrutterte. Nettverk av mentorar er opprettholdt.
Avslutta i 2023
Bømlo kommune
Prosjekt palliasjon – del 2 har arbeidd for gode pasientforløp innan palliativ behandling i samarbeidskommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Med utgangspunkt i lindrande senger ved interkommunal døgnavdeling har prosjektet styrkt allereie etablerte nettverk med kompetanseheving og erfaringsutveksling. I tillegg er det etablert eit interkommunalt palliativt team (IKPT). Samhandling, kompetanseheving og implementering av prosedyrar var særleg i fokus siste prosjektåret. Prosjektperiode 2,5 år (2020-2023)
Eidfjord kommune
Kompetanseheving og forankring – Palliasjon i Eidfjord kommune.
Definere palliativt arbeid i kommunen, etablere palliativ gruppe, og kompetanseheving gjennom kurs og hospitering.
Avslutta i 2025
Kontakt: Kristin Røen Fauske
Eigersund kommune
«Bedre lindring til flere i Eigersund kommune. Alle vet hva de skal gjøre, når og hvordan – og gjør det.»
Prosjektet handla om systematisk kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom fagdagar, refleksjonsgrupper og undervisning. Opplæring via digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg har vore ein viktig del av prosjektet.
Avslutta i 2023
Etne kommune
Prosjekt lindrande behandling i pleie og omsorg. Kompetanseheving ved e-læring, fagdag og hospitering for tilsette i institusjon og heimeteneste.
Avslutta i 2024
Kontakt: Vibeke Skjold Heggebø
Fjaler kommune
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt.
Kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom arbeid i ressursgruppe, undervising og fagdagar. Hovudmålet i prosjektet var at brukarar og deira pårørande skal få betre oppfølging i tenesta.
Avslutta i 2021.
Fjaler kommune
Digital opplæringspakke med fokus på miljøtenesta. Kommunen har vidareført bruk av digital opplæringspakke til fleire tilsette i helse og omsorg. Tilsette i miljøtenesta er også inkludert i den digitale opplæringspakka, slik at brukarar der kan bu heime lengst mogeleg.
Avslutta i 2023.
Gloppen kommune
Prosjekt endra helsetilstand og felles forståing for behandlingsplan. Forbetringsarbeid i heimetenesta og bu- og omsorgstenesta. Det skal utarbeidast og implementerast rutine og verktøy for betre samhandling i forhold til avklaring av behandlingsnivå.
Avslutta i 2024
Kontakt: Svanhild Liseth Solheim
Gloppen kommune
Implementering av Livets siste dagar og Palliativ plan i Gloppen kommune.
Prosjektet skal styrke kvaliteten i tilbodet og gje kompetanseheving hos tenesteytarane, gjennom implementering av tiltakspakka Livets siste dagar i institusjon og heimeteneste. I tillegg skal ein tilpasse og implementere palliativ plan i kommunen.
Prosjektperiode: 2022-2023
Haugesund kommune, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. Kompetanseheving gjennom å informere, rekruttere og følgje opp kommunar i USHT Helse Fonna sitt område som vil starte med digital opplæringspakke, ny digital mentoropplæring og refleksjonsgrupper.
Prosjektperiode: 2023
Hå kommune
Klart og avklart - plan til palliative pasientar som skal gje auka tryggleik for pasient, pårørande og personal.
Prosjektet starta i 2019 og består av implementering av Palliativ plan og førebuande samtale i alle avdelingar i heimeteneste og sjukeheim. I 2021 har også andre aktuelle tenesteområde blitt innlemma før prosjektslutt.
Karmøy kommune
"Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Karmøy kommune 2019-2020"
Målet med prosjektet var at pasientar i Karmøy kommune, og deira pårørande, skulle få tilbod om god, lindrande behandling. Kommunen arbeida med å spreie kompetanse innan lindrande behandling både på lege- og pleienivå. Prosjektet arbeidde også med gode rutinar for pasientforløp, kompetanseheving innan barnepalliasjon, og born som pårørande.
Prosjektet avslutta i 2020.
Kvam
"Lindring i Kvam"
Ei kommunal ressursgruppe innan lindrande behandling har blitt oppretta gjennom dette prosjektet. Gruppa bistår helsevesen og pasient/pårørande med ulike utfordringar knytt til alvorleg sjukdom når pasienten er i kommunen. Gjennom kompetanseheving har ein arbeidd for saumlause overgangar mellom tenestene.
Prosjektet avslutta i 2020.
Kvinnherad kommune
Opplæringspakke til helsepersonell i arbeid med palliasjon.
Kvinnherad kommune ynskjer å opprette, etablere og gjennomføre ein standard opplæringspakke til tilsette som arbeider med palliasjon. Opplæringspakken skal inkludere erfaringsdeling og nettverksbygging. Målet er å sikre at behandling, pleie og omsorg for pasientar held så god standard som mogeleg.
Eittårig prosjekt, 2021.
Naustdal kommune
"Felles fagleg plattform i kreftomsorg og lindrande behandling 2018-2020"
Målsettinga med prosjektet er innføring av Livets siste dagar i sjukeheimen og heimetenesta i kommunen, med nødvendig opplæring.
Sandnes
"Kunnskap gir trygghet - et kompetansehevende prosjekt i palliasjon"
Eit undervisingsprogram vart utvikla gjennom pilotprosjekt i 2019 ved Åse Bo og aktivitetssenter. Dette undervisingsprogrammet skulle i 2020 bli gjennomført på dei andre 9 sjukeheimane i kommunen, med mål om auka livskvalitet for pasientar og pårørande gjennom at tilsette blei tryggare i si utføring av palliasjon. Undervisinga blei omgjort til digital på grunn av pandemisituasjonen. Den vart lagt på kommunen sitt digitale kompetansesystem og er tilgjengeleg for fleire.
Prosjektet vart avslutta i 2020.
Sogndal kommune
Implementering av Livets siste dagar og Palliativ plan i Sogndal kommune. I dette prosjektet, som omfattar heimetenesta i kommunen, skal ein gjennomføre Digital opplæringspakke for helsefagarbeidarar, undervise om og implementere tiltaksplanane Livets siste dagar, samt implementere heimemappa Palliativ plan.
Avslutta i 2024
Kontakt: Kathrine Sørum, Kathrine.Sorum@sogndal.kommune.no
Stad
"Oppfølging og kvalitetssikring av pasientforløp NORPAL i Sogn og Fjordane".
Eit prosjekt der ein arbeidde for å få til felles retningslinjer for gode overgangar i helsetenesta, samt tryggleik for både helsepersonell som jobbar innan palliasjon og for pasientar og pårørande i heile det palliative forløpet.
Prosjektet avslutta i 2020.
Stavanger kommune
Barnepalliasjon: Barnets beste i sentrum.
Stavanger kommune vil jobbe for å utvikle eit berekraftig tenestetilbod for barn med palliative behov og deira familiar. Dei skal blant anna utarbeide kompetansehjul, ha undervisning, etablere rettleiingsgruppe, bruke pasientforløp og opprette individuelle planar. Det skal vere samarbeid både internt i kommunen og med barnepalliativt team i spesialisthelsetenesta.
Avslutta i 2024
Kontakt: Ingvill Sveen, ingvill.sveen@stavanger.kommune.no
Sunnfjord kommune
Kompetanseheving i etisk refleksjon. Det skal opprettast eit nettverk av etikkrettleiarar blant tilsette i omsorgstenestene og tenester til psykisk utviklingshemma. Etikkrettleiarane skal drive systematisk etisk refleksjon i tenestene.
Avslutta i 2025
Kontakt: Berit Ullebust
Sunnfjord kommune
Palliasjon til sårbare eldre i sjukeheim.
Kommunen har utvikla og innført undervisingsopplegg for tilsette, brukarar og pårørande. Målet var å undervise om palliasjon og omsorg ved slutten av livet for sårbare eldre, og for personar med demens spesielt. For 2021 har dei undervist ved ei eining i kommunen.
Sveio kommune
Palliativ plan. Sveio kommune skal opprette ressursgruppe for å heve og sikre kontinuitet i kompetanse ved Sveio omsorgssenter og heimetenesta. Dei skal også implementere palliativ plan.
Avslutta i 2024
Kontakt: Kjartan Eidsvåg
Ullensvang kommune
Rett kompetanse på rett sted til rett tid. Prosjekt lindrande behandling Ullensvang kommune 2018-2022 (Odda kommune fram til 01.01.2020).
Kompetanseheving gjennom internundervisning og fagdagar, tverrfagleg samarbeid og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Hovudmål for prosjektet var at alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande kjenner tryggleik og får god omsorg og pleie ved livets slutt.
Avslutta i 2022
Kompetanseheving og forankring - Palliasjonsteamet til Ulvik herad
Prosjektet skal jobbe med forankring av arbeidet til den palliative ressursgruppa i Ulvik herad. Samtidig skal ein drive kompetanseheving internt i gruppa, på sjukeheimen og i heimetenesta.
Prosjektperiode: 2022-2023
Vaksdal kommune
«Palliasjon og demens» del 3. – Implementering og bruk av Livets siste dagar. Kommunen ønsker å implementere tiltaksplanen Livets siste dagar i helse- og omsorgstenestene i heile kommunen. Det skal også innførast fast rutine for debrief etter dødsfall. Ein skal gjennomføre undervisning og ha opplæring i tiltaksplanen for alle tilsette i heimetenesta, ved helsehuset på Dale og ved Vaksdal ressurssenter.
Avslutta i 2023
Kontakt: Anne Kari Helle
Vindafjord kommune
Prosjekt palliasjon i Vindafjord kommune. Dette var eit treårig prosjekt med mål om å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, uavhengig av diagnose. Kompetanseheving gjennom fagdagar og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Det var også fokus på samhandling, og implementering av nye rutinar.
Avslutta i 2022
Øygarden kommune
Fullføringa av eit liv. Prosjektet har fokus på heimetid for innbyggjarar i palliativ fase i kommunen. Ein skal arbeide med kompetanseheving for tilsette i heile kommunen gjennom fagdagar og hospitering. Kommunen skal opprette eit tverrfagleg ressursteam som skal betre samhandling, dei skal innføre førehandssamtalar og palliativ plan i tillegg til andre aktuelle metodar, råd og verktøy.
Avslutta i 2024
Kontakt: Kristina Eikeland