Avslutta prosjekt

Prosjekt som er avslutta etter 2019

Askvoll kommune

Felles faglig plattform i kreftomsorg og lindrande behandling i Askvoll kommune.
Mål for prosjektet var innføring av Palliativ plan for å sikre felles fagleg rutine kring den palliative pasient og pårørandesamarbeid, i tillegg til å auke kompetanse og styrke samhandling. 
Avslutta i 2021.
Kontakt: Camilla Norstrand, telefon 57 73 45 00


Bergen k​ommune

Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. Målgruppe helsefagarbeidere. 
Opplæringspakken består av 4 emne innan palliasjon, nettførelesingar. Mellom kvart emne leiar mentor ei refleksjonsgruppe. Alle sjukeheimar i Bergen kommune og alle kommunar i tidlegare Hordaland får invitasjon til å bli med. I 2019 utvikla prosjektet eit ekstra emne om åndeleg og eksistensiell omsorg.
Kontakt: Bergen kommune, Etat for sykehjem, telefon 988 59 764​


Fjaler kommune

Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. 
Kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom arbeid i ressursgruppe, undervising og fagdagar. Hovudmålet i prosjektet var at brukarar og deira pårørande skal få betre oppfølging i tenesta. 
Avslutta i 2021.
Kontakt: Kjersti Valvik, teleforn 577 38 129

Hå kommune

Klart og avklart - plan til palliative pasientar som skal gje auka tryggleik for pasient, pårørande og personal.
Prosjektet starta i 2019 og består av implementering av Palliativ plan og førebuande samtale i alle avdelingar i heimeteneste og sjukeheim. I 2021 har også andre aktuelle tenesteområde blitt innlemma før prosjektslutt.
Kontakt: Grete Waldeland, telefon 415 32 720


Karmøy kommune

"Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Karmøy kommune 2019-2020"
Målet med prosjektet var at pasientar i Karmøy kommune, og deira pårørande, skulle få tilbod om god, lindrande behandling. Kommunen arbeida med å spreie kompetanse innan lindrande behandling både på lege- og pleienivå. Prosjektet arbeidde også med gode rutinar for pasientforløp, kompetanseheving innan barnepalliasjon, og born som pårørande. Prosjektet avslutta i 2020.
Kontakt: Hilde Håland, telefon 528 10 131 / 468 45 048


Kvam

"Lindring i Kvam"
Ei kommunal ressursgruppe innan lindrande behandling har blitt oppretta gjennom dette prosjektet. Gruppa bistår helsevesen og pasient/pårørande med ulike utfordringar knytt til alvorleg sjukdom når pasienten er i kommunen. Gjennom kompetanseheving har ein arbeidd for saumlause overgangar mellom tenestene. Prosjektet avslutta i 2020.

Kontakt: Margrete Berge, telefon 906 79 853 / 414 70 953


Kvinnherad kommune

Opplæringspakke til helsepersonell i arbeid med palliasjon.
Kvinnherad kommune ynskjer å opprette, etablere og gjennomføre ein standard opplæringspakke til tilsette som arbeider med palliasjon. Opplæringspakken skal inkludere erfaringsdeling og nettverksbygging. Målet er å sikre at behandling, pleie og omsorg for pasientar held så god standard som mogeleg. Eittårig prosjekt, 2021.
Kontakt: Mona Enes, telefon: 906 94 791


Naustdal kommune

"Felles fagleg plattform i kreftomsorg og lindrande behandling 2018-2020"
Målsettinga med prosjektet er innføring av Livets siste dagar i sjukeheimen og heimetenesta i kommunen, med nødvendig opplæring. 
Kontaktperson: Wenche-Lin Hess, ressurssjukepleiar, telefon 57 81 62 14


Sandnes

"Kunnskap gir trygghet - et kompetansehevende prosjekt i palliasjon"
Eit undervisingsprogram vart utvikla gjennom pilotprosjekt i 2019 ved Åse Bo og aktivitetssenter. Dette undervisingsprogrammet skulle i 2020 bli gjennomført på dei andre 9 sjukeheimane i kommunen, med mål om auka livskvalitet for pasientar og pårørande gjennom at tilsette blei tryggare i si utføring av palliasjon. Undervisinga blei omgjort til digital på grunn av pandemisituasjonen. Den vart lagt på kommunen sitt digitale kompetansesystem og er tilgjengeleg for fleire. Prosjektet vart avslutta i 2020.

Kontakt: Evy Bue Fadnes, telefon 958 84 359


Stad

"Oppfølging og kvalitetssikring av pasientforløp NORPAL i Sogn og Fjordane". 
Eit prosjekt der ein arbeidde for å få til felles retningslinjer for gode overgangar i helsetenesta, samt tryggleik for både helsepersonell som jobbar innan palliasjon og for pasientar og pårørande i heile det palliative forløpet. Prosjektet avslutta i 2020.

Kontakt: Susanne Sollid, telefon 450 03 354 / 468 02 523


Stavanger kommune

Kompetanseøkning i palliasjon i primærhelsetjenesten ved bruk av kommunalt palliativt team. Eit treårig prosjekt med mål om at fleire pasientar, uavhengig av diagnose, prognose og ​alder, kan få tilgang til nødvendig kompetanse, basert på deira behov og ønske, uavhengig av bustad. Avslutta i 2019; teamet er vidareført i vanleg drift.
Kontakt: Aart Huurnink, overlege palliasjon Stavanger kommune, prosjektleiar, telefon 959 72 087


Sunnfjord kommune

Palliasjon til sårbare eldre i sjukeheim.
Kommunen har utvikla og innført undervisingsopplegg for tilsette, brukarar og pårørande. Målet var å undervise om palliasjon og omsorg ved slutten av livet for sårbare eldre, og for personar med demens spesielt. For 2021 har dei undervist ved ei eining i kommunen.
Kontakt: Berit Helen Ullebust​, telefon: 576 12 818


Ullensvang kommune

Rett kompetanse på rett sted til rett tid. Prosjekt lindrande behandling Ullensvang kommune 2018-2022 (Odda kommune fram til 01.01.2020). 
Kompetanseheving gjennom internundervisning og fagdagar, tverrfagleg samarbeid og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Hovudmål for prosjektet var at alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande kjenner tryggleik og får god omsorg og pleie ved livets slutt. 
Avslutta i 2022
Kontakt: Hege Lyssand​, kreftkoordinator, telefon 975 58 544


Vindafjord kommune

Prosjekt palliasjon i Vindafjord kommune. Dette var eit treårig prosjekt med mål om å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, uavhengig av diagnose. Kompetanseheving gjennom fagdagar og Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Det var også fokus på samhandling, og implementering av nye rutinar.
Avslutta i 2022
Kontakt: Grete Skeie Sørhus​, telefon 488 91 211




Sist oppdatert 23.01.2024