Betre legetilbod på vakttid til heimebuande personar med palliative behov i Bergen

PELV er det nye namnet på Sykehjemslegevakten i Bergen, som vert styrka med ein erfaren ekstra lege i helgene, og eit kompetansehevingsprogram for legane som deltar i vakttenesta. Målet er betre legevakttenester til personar med palliative behov også utanfor institusjon.

Publisert 21.02.2023
Sist oppdatert 28.06.2024

PELV vert betjent: 

Kvardagar 

  • LEGE 1 vakt kl. 16:00-21 :00 

Helg og heilagdagar

  • LEGE 1 vakt kl. 10:00-20:00 
  • ​LEGE 2 vakt kl. 12:00-18:00

​Kva for pasientar er aktuelle for PELV? 

1. Er pasienten i sjukeheim, bufellesskap eller annan kommunal institusjon?

2. Har pasienten ein palliativ plan (Individuell plan til bruk i palliasjon eller Palliativ kartlegging og behandlingsplan)?

3. Er Kommunalt palliativt team eller eit av sjukehusa sine palliative team involvert?

4. Føreligg det ein nyleg, tverrfagleg vurdering om at pasienten er i dei siste dagane av livet?

Minst eit punkt skal vere oppfylt. Dersom ingen av dei er det, går førespurnaden til vanleg legevakt.

Ved tvilstilfelle kan vakthavande lege ved Bergen legevalt ta kontakt med lege ved PELV for å drøfte situasjonen.

Bergen kommune: Akutt helsehjelp/legevakt/legevakttjeneste for beboere på sykehjem