Eit nytt e-læringskurs om førehandssamtalar

Digital læring, Helse Bergen HF har saman med Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest laga eit e-læringskurs om førehandssamtalar.

Publisert 22.08.2024

Bakgrunnen er eit ønske om å bidra til at dei nasjonale faglege råda om Forhåndsamtaler og planlegging ved begrenset forventet levetid blir gjort kjent og tatt i bruk.

E-læringskurset gir ei innføring i førehandssamtalar ved alvorleg sjukdom, og det kan brukast både som individuell undervisning, eller ved undervisning i grupper. Det vekslar mellom teori og refleksjon for å bidra til kunnskap om emnet; både praktisk, teoretisk og juridisk, samt stimulere til ei bevisstheit om ulike etiske aspekt ved slike samtaler.

Lenke til e-læringskurset.

Førehandssamtalar er ei ferdigheit. Det vil seie at i tillegg til kunnskap og refleksjon, treng ein øving og erfaring for å oppnå denne ferdigheita. Simuleringsøvingar i gruppe kan være eit nyttig tillegg til dette e-læringskurset.

Vi håper kurset vil bli tatt i bruk av mange!