Endringar i blåresept-regelverket frå 1. januar 2026
Det har vore gjort endringar knytta til blåreseptforskrifta, blant anna for eigenandel og for ein del medisinsk forbruksmateriell. Desse endringane tredde i kraft ved årsskiftet.
Eigenandel
Det er gjort endringar i korleis eigenandelen for legemiddel skal reknast ut på apoteket, det vil bli kravd eigenandel uavhengig av kor og når det vart utlevert og krav eigenandel tidlegare. Pasientane må betale inntil 60 % av kostnaden av legemiddelet, men ikkje meir enn 400,- per utlevering / kassetransaksjon. Eigenandelstaket er uendra frå 2025 til 2026 og er på 3278,-. Meir om dette på Helfo sine nettsider: Endring i beregning av egenandel ved blå resept fra 1. januar 2026 - Helfo
Medisinsk forbruksmateriell
Det er gjort omfattande endringar i § 5 med underpunkt, Helfo sine pris- og produktlister er oppdatert i samsvar med desse endringane.
- Ved diabetes er forbruksmateriellet no delt i to, det må skrivast resept på både materiell til å måle glukose i blod (ev. ketonar i blod/urin) (bokstav c) og til utstyr til å administrere insulin (bokstav e).
- Punktet for med forbruksmateriell til lungesjuke er oppheva frå årsskiftet, utstyr til administrering av legemiddel inkluderer no også inhalasjonskammer, desse skal då skrivast på § 5 bokstav e. For saltvatn (hypertont og fysiologisk) og eventuelt sterilt vatn til inhalasjon for slimmobilisering, må det søkjast på § 3.
- Forbruksmateriell til hudsjukdommen iktyose er tatt inn i § 5 (bokstav g)
Det er laga overgangsordningar slik at gamle reseptar er gyldige fram til utløpsdato for resepten.
Det økonomiske ansvaret for ein del forbruksmateriell er overført til spesialisthelsetenesta, dette er knytt til:
- Veksthormonbehandling
- Blødarsjukdom
- Nyretransplantasjon
- Layngektomi/strupeoperasjon
Pasientar som har reseptar for dette forbruksmateriellet må ha ny rekvisisjon frå sjukehuslege, og utlevering av utstyret skal organiserast av den lokale eininga for behandlingshjelpemiddel.
For meir utfyllande informasjon, sjå Helfo sine sider: Endringer for medisinsk forbruksmateriell på blå resept fra 1. januar 2026 - Helfo
Næringsmiddel – endring i rekvirering og søknad
I desember 2025 vart det gjort endringar i blåreseptforskrifta § 6, med nye refusjonspunkt (605-609).
For nye reseptar (også ved fornying) må det brukast nye refusjonspunkt, og det må søkjast om individuell stønad slik at resept og vedtak for same refusjonspunkt.
Gamle reseptar er gyldige til utløpsdato.
Dei nye refusjonspunkta:
- Næringsdrikkar og konsistenstilpassa næringsmiddel (refusjonspunkt 605)
- Sondenæring (refusjonspunkt 606)
- Mjølkeerstatning (refusjonspunkt 607)
- Næringsmiddel til tilstandar uavhengig av ernæringsstatus (ketogen diett) (refusjonspunkt 609)
Meir om dette på Helfo sine nettsider: Endringer i rekvirering og søknad for næringsmidler på blå resept fra 1. desember 2025 - Helfo
Informasjon om andre endringar frå Helfo ved årsskiftet kan du lese her: Endringer i regelverk og takster fra 1. januar 2026 - Helfo