Er ein god død oppnåeleg?

Haustens første gratis webinar i regi av International Collaborative for Best Care for the Dying Person vert arrangert 7. september 2023, kl 13-14 norsk tid.

Publisert 04.09.2023
Sist oppdatert 23.01.2024
I første del av webinaret vert det diskutert om det er mogeleg å få ein god død. Kva er ein god død? Korleis kan vi best hjelpe våre næraste til ein god død, og vidare: Korleis møte vår eigen død på ein god måte? Føredragshaldar er Maggie Doherty, leiar av «Centre for the Art of Dying Well» ved St Mary’s University i London. 

I andre del vert SWAN-modellen (Signs, Words, Actions, Needs) for oppfølging av døyande pasientar, deira pårørande og etterlatne presentert av utviklaren Fiona Murphy, leiar av sjukepleietenesta ved Liverpool University Hospitals NHS Foundation Trust.