Fagseminar om dødshjelp
Torsdag 6. november arrangerte Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling eit fagseminar med tema dødshjelp.

Interessa var stor, og arrangementet vart fullbooka med 190 påmelde sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og legar i nedslagsfeltet vårt. Målet med dagen var m.a. å styrkje kunnskapen om dødshjelp og sentrale omgrep, belyse juridiske og etiske prinsipp og verdiar som pregar dødshjelpdebatten.
Temaet og dagen baud på fagleg påfyll, refleksjon og gode diskusjonar på tvers av profesjonar.
Gjennom foredrag, panelsamtale og diskusjon vart deltakarane bedne om å reflektere omkring eigne haldningar til dødshjelp og erfaringar i møte med pasientar som uttrykkjer ønske om dødshjelp.
Evalueringa viser at 90 % av deltakarane opplevde det faglege innhaldet som svært nyttig / svært nyttig, noko som understrekar verdien av å samlast på tvers av fag og nivå.
Vi fekk eit breitt bilete og mange perspektiv på tema som er veldig viktig, sa ein av deltakarane. Ein god og informativ dag som kjem inn på viktig tema og problemstillingar, sa ein annan.
Fagseminaret vart opplevd som lærerikt og tankevekkjande, og ein deltakar uttrykte at kommunikasjon om sluttfasen av livet blir eit viktig tema framover – og ikkje berre dei siste vekene, men i heile den palliative fasen.
Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling


