Førehandssamtalar

Samtalar med samtykkekompetente pasientar om preferansar for pleie og behandling i den siste fasen av livet, førehandssamtalar, er ei form for brukarmedverknad som blant anna kan bidra til større grad av pasientautonomi og auka tilfredsheit og tryggleik for både pasient og pårørande. Systematisk innføring av slike samtalar krev forankring i leiinga og opplæring av helsepersonell, samt eit trygt system for dokumentering og deling av viktig informasjon frå samtalane.

Ved hjelp av funn gjort internasjonalt og nasjonalt har forskingsgruppa ved Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest utarbeidd undervisningsmateriell og ein lommerettleiar om førehandssamtalar. 
 

Rettleiar for førehandssamtalar (pdf)

Lommerettleiar (pdf)

Foredrag under parallellsesjon om kommunikasjon på Landskonferansen i palliasjon 2020/21​ (vimeo)​

E-læringskurs om førehandssamtalar

Sist oppdatert 22.08.2024