Grunnkurs i palliasjon
Grunnkurs i palliasjon er eit to-dagars tverrfagleg kurs i grunnleggande palliasjon, som vert arrangert to gonger årleg, vår og haust. Kurset retter seg mot samtlege faggrupper som jobbar med denne pasientgruppa. Kurset vert arrangert av Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB).
Kursdatoar 2025
1.-2. april for tilsette i Helse Bergen
2.-3. september for tilsette i Helse Bergen og kommunar i føretaksområdet.
Målsetting
- Økt kunnskap om grunnleggande palliasjon og symptomlindring
- Innblikk i kommunikasjon som verktøy
- Økt forståing for tverrfaglig tilnærming og samhandling
- Moglegheit til å reflektere over eigne haldningar og utfordringar knytt til arbeid med alvorleg sjuke og døyande
- Moglegheiter til å utveksle erfaringar og få inspirasjon til eigen arbeidskvardag
Godkjenningar
Kurset er godkjent av Den norske Legeforening, Norsk Sykepleierforbund og Fagforbundet for sjukepleiarar og hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/fagarbeidarar og Norsk Fysioterapiforbund.
Kontaktpersonar
Kjersti Solvåg og Gunn Hannisdal, Palliativt senter, Haukeland universitetssjukehus.
E-post: lindrende.behandling@helse-bergen.no
Sist oppdatert 26.11.2024