Mangel på Ketalar 50 mg/ml injeksjonsvæske gir blåresept-utfordringar

Det er mangel på Ketalar 50 mg/ml (Pfizer) injeksjonsvæske, men det er tilgjengeleg Ketamin 50 mg/ml (Abcur) injeksjonsvæske. Ketalar går automatisk på blåresept, men for Ketamin må det søkjast på §3.

Publisert 08.05.2023
Sist oppdatert 23.01.2024

​​Det har vore mangel på Ketalar 50 mg/ml injeksjonsvæske i hetteglas frå Pfizer ei god stund. Det finst eit alternativ: Ketamin 50 mg/ml injeksjonsvæske i ampullar frå Abcur. Men for bruk i smerteblandingar kan dette by på problem, Ketalar er førehandsgodkjent på blåresept – det er ikkje Ketamin frå Abcur. Det er framleis mogeleg å skrive reseptar på ketamin i smerteblanding, men det må sendast søknad om stønad etter §3 for Ketamin Abcur.

​​I grunngjevinga for søknaden om Ketamin 50 mg/ml Abcur etter §3 bør dette stå:

• Det er mangel på Ketalar 50 mg/ml injeksjonsvæske som har førehandsgodkjent refusjon etter §2 -90

• Ketamin skal inngå i smerteblanding (i t.d. sprøytepumpe)

• Smerteblandinga blir ikkje laga på apotek, men av heimetenesten

​Dersom blandinga blir laga i apotek, trengs ikkje søknad etter §3 – slike apotekframstilte preparat har førehandsgodkjent refusjon, meir om dette finn de på Legemiddelverket sine sider.

Legemiddelverket arbeider med Ketalar-mangelen og vil oppdatere sidene etter kvart med omsyn til både tilgjengelege ketamin-preparat og med opplysningar om refusjon på blåresept, forhåpentlegvis med opplysningar slik at ein unngår å måtte søkje om refusjon. Dette er ikkje avklart enno. 

Kjelder: 

• Personleg kommunikasjon med sakbehandlar hos Helfo

• Informasjon om mangel av Ketalar på Legemiddelverket sine sider: https://legemiddelverket.no/legemiddelmangel/legemiddelmangel-og-avregistreringer-rad-til-apotek-og-helsepersonell-inneverende-ar (søk på Ketamin) 

• Informasjon om smertekassettar og andre apotekframstilte preparat frå Legemiddelverket ligg her: https://legemiddelverket.no/offentlig-finansiering/refusjonslisten-refusjonssok