Mangel på morfinmikstur, Oramorph 2 mg/ml

Det er no mangel på Oramorph 2 mg/ml mikstur, det er forventa ny levering i midten av juli. Det finst tilsvarande apotekframstilt morfinmikstur.

Publisert 26.06.2023
Sist oppdatert 23.01.2024

​Legemiddelverket har gitt råd om alternativ til Oramorph mikstur, apotekframstilt morfinmikstur. Legemiddelverket tillet at apotekframstilt morfinmikstur 2 mg/ml som inneheld morfinsulfatpentahydrat kan leverast ut på blå resept.

Sjå meir informasjon om dette på Legemiddelverket sine sider.​

Ver merksam på at det kan vere leveringstid på apotekframstilt mikstur, den er ikkje nødvendigvis «hyllevare».