Markeringar av Verdsdagen for lindrande behandling 2024
Den internasjonale Verdsdagen for lindrande behandling vert markert fleire stader i Helseregion Vest.
Stavanger
Folkemøte på Sølvberget bibliotek og kulturhus, Stavanger sentrum, 15. oktober, kl 18.
Tema "Nærmiljø der vi bryr oss - frivillighetens kraft". Det vert føredrag, sofasamtale og musikalsk innslag. Arrangementet er gratis og ope for alle!
Lenke til arrangementet på Facebook
Lenke til arrangementet på Sølvberget bibliotek og kulturhus sine nettsider
Bergen
Markering på Festplassen, Bergen sentrum, 17. oktober kl 19.
Tema for dagen er "Nærmiljø som bryr seg - du kan bety noe for naboen din" og sett eit søkelys på kvorleis vi som samfunn kan bry oss, korleis vi kan støtte kvarandre. Det vil bli appellar, musikk og fakkeltog.
Lenke til arrangementet på Facebook
Lenke til reportasje i Bergens Tidende frå markeringa
Fonna
Folkemøte på Tysvær Kulturhus, Nygårdssalen, 2. oktober, kl 18.
Tema: "Eit samfunn der me bryr oss" - krafta i frivillig arbeid. Føredrag, sofasamtale og kulturelt innslag. Arrangementet er gratis og ope for alle!
Lenke til invitasjonsplakat.pdf
Lenke til arrangementet på Tysværtunet kulturhus sine nettsider
Førde
Markering på Førde sentralsjukehus 16. oktober mellom kl. 12-14.
Sjukepleiarane i Palliativt team vil ta runden på sentralsjukehuset og møte kollegaer. Dei har med seg "goodiebaggar" med mykje godt innhald, blant anna laminerte lommekort med nyttig innhald innan palliasjon til bruk i kvardagen for legar og sjukepleiarar.
Det vert også ei enkel markering på Førde omsorgssenter. Denne dagen får dei tilsette kake til lunsjen, med tekst: Kva er viktig for deg?