Medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase er oppdatert

Den årlege gjennomgangen av innhaldet i medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase for vaksne er no fullført.

Publisert 21.12.2022
Sist oppdatert 23.01.2024

​​Medikamentskrinet vert kvart år vurdert av lege og farmasøyt, med omsyn til oppdatert litteratur og eventuelle tilbakemeldingar frå brukarar. For endringar som er gjort, sjå endringsloggen. Alle dokumenta er oppdaterte, med ny oppdateringsdato.

Alle dokumenta som høyrer til medikamentskrinet, ligg på Kompetansesenteret si nettside Medikamentskrin til vaksne.

​Har du tilbakemeldingar om medikamentskrinet, kan desse sendast på e-post til: lindrende.behandling@helse-bergen.no

  ​