Helsedirektoratet har publisert nasjonale faglege råd om førehandssamtalar

Førehandssamtalar kan bidra til betre livskvalitet ved å leggje til rette for ei meir heilskapleg behandling og omsorg i tråd med ønska, verdiane og behova til pasientar med avgrensa forventa levetid.

Publisert 20.12.2023
Sist oppdatert 28.06.2024

Dette er målet til Helsedirektoratet sine nye råd til helse- og omsorgstenestene om førehandssamtalar og planlegging ved avgrensa forventa levetid. Bakgrunnen for desse nasjonale råda er NOU 2017:16 Stortingsmelding nr. 24 (2019-20) og internasjonal og nasjonal forsking, i tillegg til andre relaterte nasjonale rettleiarar (Helsedirektoratet).

Førehandssamtalar er ein prosess av personsentrerte samtaler om kva som er viktig for pasienten her og no, og på vegen vidare når alvorleg, livstrugande sjukdom rammar. Involvering av pårørande og tillaging av planar for omsorg, behandling og pleie i livets siste fase er sentrale element.

Dei faglege råda tek for seg både hensikt og målsetting med førehandssamtalar, når dette kan vere aktuelt, kven som bør inviterast til å delta, og kven som har eit ansvar for at samtalane finn stad. Vidare vert viktige tema for både samtalar og planar nemnde, og korleis deling av viktig informasjon bør skje. 

Det vert stadfesta at pasientar med avgrensa forventa levetid bør få tilbod om førehandssamtalar med mogelegheit for å leggja planer for tida som kjem, og at det er viktig med kompetanseheving for helsepersonell for at dette skal kunne skje. Det vert også gitt råd om at leiinga i helse- og omsorgstenestene i kommunar og på sjukehus bør utarbeide planar for innføring av førehandssamtalar.

Vidare lesing: 
Nasjonale faglige råd om forhåndssamtaler og planlegging ved begrenset forventet levetid