Nettverk av sosionomar i Helseregion Vest

Kompetansenettverket er regionalt og består av sosionomar i Helseregion Vest som jobbar innanfor palliasjon.

​​Nettverket blei starta i desember 2020 for å ivareta sosialt arbeid i palliasjon i Region vest ved å stå saman som yrkesgruppe for å forsterke kompetanse, deling av informasjon om korleis det vert jobba med sosialt arbeid i dei forskjellige organisasjonane i regionen.

Vi har fokus på tverrfaglighet, samhandling, felles kunnskapsutvikling og kompetanseheving i sosialt arbeid i palliasjonsfeltet. 

Sosialt arbeid er ein del av visjonen til den psykososiale palliative omsorga til den som er sjuk og den sine​ pårørande.    

Pallnet. Register for ressursnettverk. Navn og kontaktinfo til alle ressurspersonar i nettverka i Helseregion Vest kan søkast opp i registeret

Sist oppdatert 23.01.2024