Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nettverk av fysio- og ergoterapeutar i Helse Fonna

Nettverk av fysioterapeutar og ergoterapeutar er ein del av Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde.

Fysioterapi- og ergoterapinettverket består av om lag 30 ressurspersonar frå fysioterapi- og ergoterapieiningar i Helse Fonna og kommunane i Helse Fonna føretaksområde.

Nettverket er leia av ei driftsgruppe på fem personar med representantar frå Helse Fonna, Karmøy kommune og Suldal ​kommune. Driftsgruppa har ansvar for å drifte nettverket og arrangere samlingar i samsvar med strategidokument, aktuell årsplan og kompetanseplan.

Målet for fysioterapi- og ergoterapinettverket er å:

  • Auke fysioterapeutar og ergoterapeutars kompetanse, interesse og engasjement for palliasjon.
  • Skapa eit forum for samhandling mellom fysioterapeutar og ergoterapeutar på dei ulike nivåa og dermed fremme samarbeid og behandlingsflyt i fysioterapi- og ergoterapitenesta.
  • Fremme samarbeid med andre faggrupper.
 

Det vert arrangert fagdag 17. februar 2026.
Tema “Når alvorleg sjukdom rammer, og kroppen endrar seg”

Invitasjon til fagdag 17 februar 2026.pdf

Fagdagen er open for alle fysioterapeutar og ergoterapeutar i Helse Fonna føretaksområde, som ønsker å delta!

Sist oppdatert 18.09.2024