Nettverk av fysio- og ergoterapeutar i Helse Stavanger

Nettverket av fysio- og ergoterapeutar er ein del av "Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde".

​Sjukepleiarnettverket og fysio-/ergoterapinettverket har ein felles avtale og felles strategiplan. 

Fysio-/ergoterapinettverket har omlag 40 ressurspersonar frå Stavanger universitetssjukehus, kommunane i føretaksområdet og frå privat praksis. 

Pallnet. Register over ress​urspersonar i nettverket

I følgje nettverket sin felles strategi er målet å bidra til kompetanseheving og betre samhandling på alle nivå i helsetenesta. I samsvar med dette er målet for fysio- og ergoterapinettverket at palliative pasientar skal få et best mogeleg oppfølgingstilbod som ein naturleg del av et palliativt tilbod. Dette skal skje ved å: 

  • Auke fysio-/ergoterapeutane sin kompetanse, interesse og engasjement for palliasjon
  • Skape eit forum for samhandling mellom fysio- og ergoterapeutar på dei ulike nivåa og dermed fremme samarbeid og behandlingsflyt i fysio-/ergoterapitenesta
  • Fremme samarbeid med andre faggrupper

Nettverket blir leia av ei driftsgruppe på sju personar med representantar frå Stavanger universitetssjukehus, Stavanger kommune, Sandnes kommune, ein mindre kommune, ei lindrande eining og ein privat fysioterapipraksis. 

Driftsgruppa har ansvar for å drifte nettverket og arrangere samlingar i samsvar med strategidokumentet og fysio-/ergoterapinettverket sin årsplan og kompetanseplan.  


Nettverkssamling 10.04.2024, tema: Terapeutiske tiltak ved cellegiftindisert perifer polynevropati (CIPP)

Invitasjon og program pdf

 

Sist oppdatert 18.03.2024