Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny EAPC Task Force om omsorg til døyande

International Collaborative for Best Care for the Dying Person har saman med European Association for Palliative Care (EAPC) etablert ei ny samarbeidsgruppe (‘Task Force’).

Publisert 30.11.2023
Sist oppdatert 28.06.2024

Gruppa skal fungere som ein pådrivar for å fremje og utvikle omsorga for døyande og deira pårørande, både i og utanfor Europa. Det skal skje gjennom forsking, kvalitetsforbetring og opplæringsaktivitetar, mellom anna i form av webinar, nyheitsbrev, kurs og konferansar. Ei viktig oppgåve blir å utarbeide eit ‘White Paper’ om omsorg for døyande. Anbefalingane i eit slikt dokument vil vere ein ressurs for helsepersonell, avgjerdstakarar og involverte organisasjonar i arbeidet med å betre kvaliteten på omsorga.

Her kan du lese meir: Care for the Dying - EAPC (eapcnet.eu)

Norge vert ein del av denne samarbeidsgruppa gjennom Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, som er godkjent som eit internasjonalt referansesenter for omsorg til døyande og deira pårørande.