Oppstart av KI-studie med fokus på gode pasientforløp ved uhelbredelig kreftsjukdom
Kompetansesenter i lindrande behandling er med på ein ny studie finansiert av strategiske forskingsmidlar frå Helse Vest, som skal undersøke korleis store språkmodellar kan vere til hjelp for å betre pasientforløpet.
Publisert 27.03.2025
Studien skal undersøke bruk av KI for betre overvaking av symptom og behandlingsbiverknader, forhåndssamtalar og andre palliative kvalitetsindikatorar.
Prosjektet startar i år og held fram til 2030. 13.mars blei oppstarten markert som strategisk satsing. Forskingsansvarleg overlege ved KLB, Margrethe Aase Schaufel, er prosjektleiar.
Link til Helse Vest med omtale av prosjektet.