ESAS symptomregistrering

Edmonton Symptom Assesment System er eit enkelt, nyttig, forskningsbasert kartleggingsverktøy for å registrere symptom hos palliative pasientar.

Retningslinje for bruk av ESAS-r

I Norge vert ESAS anbefalt som standard kartleggingsskjema for pasientar som får palliativ behandling, både i kommune- og spesialisthelsetenesta. Bruk av ESAS er eit krav for å kunne utløyse DRG-refusjon for palliativ behandling i sjukehus.

ESAS vart utvikla ved Edmonton General Hospital i Edmonton, Canada, tidleg på 1990-talet. Skjemaet vart omsett til norsk og tatt i bruk ved Seksjon lindrende behandling ved St Olavs Hospital, og denne versjonen blei norsk standard og tatt inn i Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon.

  • Oppnå best muleg symptomlindring for pasientane.
  • Sikre sikker og effektiv registrering av dei vanlegaste symptoma hos pasientar med behov for lindrande behandling.
  • Lette skildring av symptom, gi felles referanseramme i kommunikasjon og rapportering av pasientane sin tilstand.
  • Forenkle og standardisere dokumentasjonen for den enkelte pasient. 
  • Kvalitetssikre arbeidet med den enkelte pasient og på avdelinga/posten som heilskap.  

Pasientinformasjon (pdf)

I 2010 vidareutvikla gruppa i Edmonton ESAS på bakgrunn av fleire kliniske studiar. Den nye versjonen, ESAS-r (ESAS-revidert), er nå introdusert internasjonalt og omsett til norsk. ESAS-r vert nå anbefalt som ny standard i Norge.
ESAS-r i Tidsskrift for Den norske legeforening, januar 2012.

 

ESAS på samisk. Finst på nettsidene til Lindring i Nord, Kompetansesenter for lindrende behandling i Nord-Noreg 

Engelsk versjon av ESAS-r

ESAS på andre språk

NB! Ver merksam på at ikkje alle skjema er reviderte til ESAS-r, og at innhald og rekkefølgje for symptoma kan vere annleis enn i den norske versjonen. Klikk på "General Symptoms" og deretter "Select a language"

 

Ukrainsk versjon av ESAS-r med norsk oversetting (PDF)

Arabisk versjon av ESAS (PDF)

Dansk versjon av ESAS-r (PDF)

Nederlandsk versjon av ESAS-r (PDF)

Tysk versjon av ESAS-r (PDF)

Italiensk versjon av ESAS-r (PDF)

Spansk versjon av ESAS-r (PDF)

Polsk versjon av ESAS-r med norsk oversetting (PDF)

Vietnamesisk versjon av ESAS-r (PDF)

I perioden 2002-2004 gjennomførte kompetansesenteret eit prosjekt med innføring av systematisk symptomregistrering for palliative pasientar i heile helseregionen. "Systematisk symptomregistrering i lindrende behandling - ved hjelp av ESAS" (PDF)

Sist oppdatert 07.05.2024