Refusjon av legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell til palliative pasientar

På desse sidene finn du informasjon om dei ulike refusjonsordningane til helsepersonell.

Informasjon for pasientar om refusjonsordningane finn du her: 

www.helsenorge.no/refusjon-og-stotteordninger/


Bakgrunnsmateriale:

Forskrift om stønad til dekning av utgifter til viktige legemidler mv (blåreseptforskriften)


Frå 1. juli 2022 er det laga tre ulike rundskriv til blåreseptforskriften, desse ligg på Helsedirektoratet sine sider: 


Generelt for stønad på blå resept: 

Vilkår for stønad på blå resept: 
Legemiddelet skal brukast til behandling av alvorleg sjukdom eller til behandling av alvorlege risikofaktorar som med høg sannsynlegheit vil medføre eller forverre alvorleg sjukdom, og der det er behov eller risiko for gjentatt behandling over ein langvarig periode. 

Ein del legemiddel blir ikkje dekka på blå resept, men som H-resept. Andre legemiddel vert ikkje dekka av det offtentlege, som kalk og d-vitamin mot osteoporose eller acetylsalisylsyre som tromboseprofylakse, sjå meir om dette her. 

Og for medisinsk forbruksmateriell og næringsmiddel er det vilkår om langvarig fase og langvarig bruk. Langvarig fase er definert som at sjukdommen vil vare livet ut eller i meir enn to år (kronisk sjukdom). Kronisk sjukdom kan gi symptom kontinuerleg eller i periodar. Langvarig bruk er når det er sannsynleg at det er behov for forbruksmateriell i minst tre månader i løpet av eitt år for same sjukdom, tremånadersperioden treng ikkje vere samanhengande, sjå meir om dette her. 

Eigenandel:
Pasienten betalar eigenandel for legemiddel på blå resept, inntil grensa for frikort er nådd, då er legemiddel og forbruksmateriell på blå resept gratis for pasienten. Barn under 16 år, krigspensjonistar, minstepensjonistar og uføretrygda med minsteytelse betalar ikkje eigenandel på blå resept. Vernepliktige eller personar med vedtak om yrkesskade (vedtaket inneheld opplysningar om kva legemiddel som er omfatta av vedtaket) får refundert eigenandel som er betalt. 
Nokre refusjonskodar er unntatt for betaling av eigenandel, som § 2-90 (sjå under).


§ 2: Førehandsgodkjent refusjon av legemiddel

Ei rekkje legemiddel går automatisk på blå resept, desse har førehandsgodkjent refusjon – dei er tatt opp på refusjonslista. 

Legemidla på refusjonslista får refusjon på blå resept dersom: 

1. Bruken av legemiddelet står oppført under refusjonsberettiga bruk
2. Pasienten sin sjukdom er omfatta av ein refusjonskode
3. Eventuelle refusjonsvilkår er oppfylte

Dersom det er eit vilkår at legemiddelet skal forskrivast av spesialist, må ein spesialist skrive resept kvar gong resepten skal fornyast. 

Det er legen sitt ansvar å sjå til at vilkåra er oppfylte. 

Informasjon om førehandsgodkjent refusjon for dei ulike preparata finst i Legemiddelverket sitt legemiddelsøk eller i Felleskatalogens nettversjon 


§ 2 -90: Palliativ behandling i livets sluttfase

Blåreseptforskrifta § 2 refusjonskode -90 omfattar palliativ behandling i livets sluttfase, uavhengig av diagnose. Pasientane betalar ikkje eigenandel for legemiddel som blir dekka på blå resept § 2 -90. Alle legar kan rekvirere legemiddel på blå resept på § 2 -90, det er som regel ikkje krav til spesialistkompetanse for refusjon etter denne refusjonskoden. Livets sluttfase er i denne samanheng når kurativ behandling som mål er avslutta eller umogleg og det er kort forventa levetid.
Meir detaljert informasjon om § 2-90 (pdf). 

§ 3: Søknad om individuell stønad

For legemiddel som ikkje har førehandsgodkjent refusjon, kan legen søkje HELFO (Helseøkonomiforvaltninga) om individuell stønad på vegne av pasienten. 

Legen må bruke Helsedirektoratets si søknadsløysing (gjennom Helsedirektoratet sin tenesteportal eller elektronisk journalsystem (der dette er implementert). Søknader via e-reseptløysinga vil bli avvist, det vil også papirsøknader, med mindre det er for personar utan norsk fødselsnummer eller d-nummer – for desse må søknaden sendast per post.


Presentasjon om søknadsløysinga, med spesielt fokus på ernæring på blåresept, utarbeidd av Mona Alsaedy, sjukehusfarmasøyt ved Sjukehusapoteket i Bergen. Alsaedy har også oppsummert nokre spørsmål og svar, samt noko generell informasjon, om praktisk bruk av søknadsløysinga, du finn oppsummeringa her (pdf).  

Fyldigare informasjon om individuell stønad finn du her (pdf). 

§ 4: Allmennfarlege smittsame sjukdommar

Antiinfektiva (i ATC-gruppe J) og immunstimulerande middel (i ATC-gruppe L03 A) er førehandsgodkjent på blå resept til bruk ved allmennfarlege smittsame sjukdommar. Det er ikkje krav om at preparata er marknadsførte i Noreg. 

Allmennfarlege smittsame sjukdommar er definert i forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdommar, i blåreseptforskrifta gir føringar for kva legemiddel som vert dekka. Legemiddel (fleire ATC-kodar) til behandling og sanering av MRSA blir også dekka på § 4. Pasientane betalar ikkje eigenandel for legemiddel som høyrer innunder § 4.

§ 5: Medisinsk forbruksmateriell

Noko medisinsk forbruksmateriell vert dekka over blåreseptordninga § 5Meir informasjon om dette finn du her (pdf)

§ 6: Næringsmiddel

Sjukdom som hindrar tilførsle av vanleg mat eller opptak av viktige næringsstoff, gir grunnlag for stønad til næringsmiddel på blå resept. Pasientar med kreft/immunsvikt eller annan sjukdom som medfører så sterk svekking at næringstilskot er nødvendig, får også dekka næringsmiddel på blåresept. 

Det må søkjast om stønad til næringsmiddel, legen må bruke Helsedirektoratets si søknadsløysing. Sjå informasjon om ny elektronisk søknadsløysing over, under § 3.

​Meir informasjon om næringsmiddel på blåresept finn du her (pdf), legg merke til at parenteral ernæring er klassifisert som legemiddel og ikkje som næringsmiddel.

Dette er ei stønadsordning for pasientar med store utgifter til visse helsetenester. Det blir i utgangspunktet berre gitt stønad til formål som er omtalt i rundskrivet til § 5-22. 

Ordninga er i endring, legemiddel er ikkje lengre eit bidragsformål. Det er laga ei overgangsordning for bidrag til legemiddel for dei som allereie har fått bidrag, men bidragsordninga for reseptpliktige legemiddel er avvikla for nye brukarar. Les om dette og bidrag til forbruksmateriell her (pdf

Pasienten må ha resept på (legemiddel og) forbruksmateriell, samt legeerklæring i dei tilfelle det er aktuelt. Pasienten må (som hovudregel) betale fullt ut på apoteket eller hos bandasjisten, kvitteringar og eventuelt kopi av legeerklæringa må sendast til HELFO for å få refundert utgiftene. 

Det finst eigne skjema for dette: Kvitteringsskjema for legemiddel/næringsmiddel og for andre utgifter på bidragsordninga (som blant anna forbruksmateriell)  Bruk av digitale skjema, via www.helsenorge.no ​gir raskare utbetaling, meir om digitale skjema her.

Dei regionale helseføretaka (RHF) har fått finansieringsansvar for legemiddel som kjem inn under deira behandlingsansvar, også om legemidla blir brukt utanfor sjukehus. Det er spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å starte, evaluere og eventuelt avslutte behandling.   
Oppdatert liste over legemiddel på h-resept finn du her (fom vedlegg til slutt i blåreseptforskrifta). 

Rekvirering av legemidla er avgrensa til sjukehuslegar i helseføretak, sjukehuslegar i private sjukehus med driftsavtale med RHF og nokre privatpraktiserande avtalespesialistar som er godkjente av RHFa. Meir om H-resept kan lesast på Helsedirektoratet sine nettsider.

Helseføretaka skal dekke medisinsk-teknisk utstyr og forbruksmateriell ved behov for spesialisert heimebehandling (til dømes oksygen, smertepumper, utstyr ved sondeernæring og parenteral ernæring). Utstyr og forbruksmateriell skal rekvirerast frå det helseforetaket som pasienten tilhøyrer, meir informasjon finn du her: www.behandlingshjelpemidler.no 

Smertepumper blir lånt ut og forbruksmateriell blir dekka av lokale helseføretak, som over, også sjølv om pasienten har heimesjukepleie. Skjema for bestilling av utstyr finst på www.behandlingshjelpemidler.no

Legg merke til at legemiddel som blir brukt i smertepumpa skal rekvirerast på blåresept. Mens legemiddel som blir brukt til stell/skyll av inneliggande kanyle skal rekvirerast saman med forbruksmateriell frå behandlingshjelpemidler.

​Det kan vere ulike lokale tilpassingar til denne ordninga, sjå https://behandlingshjelpemidler.no/landsoversikt-behandlingshjelpemiddelenheter-i-norge/ 

Oppdatert august 2022




Sist oppdatert 30.08.2022