Podcast "I lys av døden" med erfaringar frå pårørande i koronatida

I ein podcast deler forskarar frå KLB funn frå pårørande sine erfaringar med omsorg for døyande under første fasen av covid-19-pandemien.

Publisert 12.01.2023
Sist oppdatert 23.01.2024

Med støtte frå Stiftelsen Fritt Ord har podcasten «I lys av døden» fått ein eigen miniserie «I lys av korona». I den nyaste episoden deler leiar i kompetansesenteret, Dagny Faksvåg Haugen, funn frå ein studie om korleis pårørande opplevde omsorga for ein døyande familiemedlem og seg sjølve under nedstenginga av samfunnet under pandemien. 

Lytt til samtalen mellom Dagny og programleiar Jeanett Andrea Søderstrøm på Spotify.

Les artikkelen i Sykepleien Forskning som podcasten bygger på.