Regionalt legenettverk i lindrande behandling
Regionalt legenettverk i lindrande behandling - første steg
I Helse Vest er det over fleire år bygd opp eit sterkt nettverk av ressurspersonar innan kreftomsorg og lindrande behandling. Målet med nettverk er kompetanseheving og betre samhandling, slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, og deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik på alle nivå i helsetenesta.
Ved årsskiftet bestod Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helseregion Vest av 636 ressurspersonar, hovudsakleg sjukepleiarar og fysioterapeutar/ergoterapeuter.
Dei siste åra har også legar uttrykt eit tydeleg ønskje om eit eige regionalt legenettverk innan lindrande behandling. Vi tek no første steg i denne retninga ved å invitera interesserte legar til uforpliktande å melde si interesse.
Fyll ut Forms-skjemaet dersom du ønskjer å delta.
Del gjerne denne nyheita med kollegaer som kan vere interesserte.
Neste steg er å sende ut ei spørjeundersøking i løpet av våren for å kartleggje behov, forventningar og ønsker frå legegruppa. Dette vil danne grunnlag for vidare utvikling av nettverket.
På sikt er målet at alle helseregionar etablerer eigne legenettverk, og at dette kan utviklast vidare til eit nasjonalt nettverk.