Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regionsamling i palliasjon

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) inviterte fagfolk frå heile regionen til ei to dagars samling i Bergen 18.-19. mars. For nærare 100 deltakarar blei dette eit viktig møtepunkt for kunnskapsdeling, refleksjon og vidare utvikling av palliasjon i regionen.

Publisert 30.03.2026
En person som holder en presentasjon for et publikum

Samlinga som også markerte startskotet for KLB sitt 25-års jubileum, løfta fram tre sentrale tema:

  • kommunikasjon
  • samhandling
  • framtidas palliative pasientforløp

Programmet baud på faglege innlegg, erfaringsutveksling og gode diskusjonar på tvers av nivå og profesjonar. Deltakarane ga svært gode tilbakemeldingar, og mange trakk fram verdien av å møtes på tvers i regionen som noko av det viktigaste: «Det regionale perspektivet, vi vert knytte saman og vert inspirert til vidare innsats», og det å: «Oppleve å være en del av en større sammenheng, i en ellers litt ensom rolle».

I ei tid der helsetenesta er i endring, med aukande kompleksitet og press på ressursar, blir samarbeid og kompetansedeling stadig viktigare. Samlinga viste tydeleg styrken i det regionale fellesskapet og engasjementet for å vidareutvikle palliasjon til beste for pasientar og pårørande.

Regionsamlinga er ei viktig arena for å samle fagmiljøa, og dannar eit godt grunnlag for vidare arbeid i KLB sitt jubileumsår.