RELIS har undersøkt om oksykodon må fortynnast til 1 mg/ml før intravenøs administrasjon

Nyleg har RELIS svart på eit spørsmål om fortynning av oksykodon injeksjonsvæske før intravenøs administrasjon. Dette er ei problemstilling som har vore reist av fleire, og som KLB har fått spørsmål om.

Publisert 28.06.2024

I dei aller fleste preparatomtalane (SPCane) til dei ulike oksykodon injeksjonsvæskene står det at dei skal fortynnast til 1 mg/ml før injeksjon eller infusjon. Det går ikkje klart fram av SPCane om dette skuldast fare for åreirritasjon eller om det er relatert til faren for å gi sterke opioid for raskt.

RELIS har sett nærare på dette, og har ingen klar konklusjon. Dersom det skulle vere aktuelt å gi oksykodon 10 mg/ml ufortynna, bør ein sjå til eventuelle lokale prosedyrar. RELIS har funne ein slik prosedyre, publisert på internett, frå Oslo universitetssjukehus. RELIS skriv: «I denne prosedyren blir det angitt at oksykodon 10 mg/ml også kan gis ufortynnet intravenøst, men at det da må etterskylles med natriumklorid. Det står videre at bruk av ufortynnet oksykodon intravenøst må godkjennes av enhetsleder/seksjonsleder, og at dette forutsetter en tett oppfølging og overvåkning av pasienten».

Heile saka kan lesast hos RELIS: Spørsmal og svar - RELIS (spørsmål 16869, 18.6.24)