Ressursar om førehandssamtalar
Ressursar om førehandssamtalar til bruk for helsepersonell er no publisert på våre nettsider.
Publisert 14.01.2021
Førehandssamtalar er personsentrerte samtalar om preferansar for behandling og pleie i dei siste fasane av livet. I eit sjukdomsforløp kan det vere fleire vendepunkt – tidspunkt der sjukdom og behandling er i endring. Førehandssamtalar blir anbefalt som eit tilbod til pasientar og deira næraste pårørande ved slike vendepunkt.