Vitamin til parenteral ernæring (TPN) på blåresept - tips til søknad
Ved søknad om stønad til TPN på blåresept, godkjenner Helfo berre vitamin-kombinasjonen Soluvit og Vitalipid, ikkje alt-i-eitt-preparatet Viant.
Publisert 22.02.2022
Sist oppdatert 28.06.2024
Pasientar som treng TPN heime kan få dette på blåresept, men det må sendast søknad om stønad, §3a. All TPN må tilsetjast vitamin og sporelement for å vere fullverdig, vitamin er viktig for å kunne gjere bruk av næringa. I sjukehus blir vitamin-preparatet Viant (fett- og vassløyselege vitaminar) brukt, det er innkjøpsavtale på dette. Men når pasienten skal heim og få TPN på blåresept, må det bytast til Soluvit (vassløyselege vitamin) og Vitalipid (fettløyselege vitamin) for å få dette dekka på blåresept.
Søknader på Viant på §3a får avslag frå Helfo, med denne grunngjevinga: «Viant pulver til infusjonsvæske er underlagt krav til metodevurdering».
Dette skiftet av vitaminpreparat frå sjukehus til heimen er viktig å vere klar over og å planlegge for, både med tanke på blåreseptsøknad og for opplæring/ tilrettelegging av behandling i heimen.